søndag 21. november 2010

Flis,flis.

I går og i dag har eg lagt fliser på kjøkkenet. Altså mellom benken og skapa. Sidan alle heng fast til no kallar eg det suksess :) Det kjem bilder seinare. Var noko plast eg ikkje såg syn på å flytte i dag.

Eg kan dessutan fortelje at me no har hatt kjøkkenet så lenge at me har byrja å forandre på skapsamansettinga....

mandag 8. november 2010

Lampeskrekk utvida til skrekk for det meste.

Jadda. Eg held fremdeles på med å spekulere i kva slags lampe eg skal ha.
Nå er det dukka opp eit nytt problem. Plater versus fliser. Say no more.
Dette er så langt me er komne til nå. Har fått tid til å rote litt og... ;)
Men ellers går det fint med kjøkkenet.
Har fått vatn og min egen private elektrikar kjem på besøk på onsdag og fiksar litt straum til oppvaskmaskinen. og dååå,då blir det velstand for å vaska opp,det likar eg lite :)

torsdag 4. november 2010

Lampeskrekk??

Det trur eg at eg har. Lampe og gardinskrekk.

Eg syns det å finna ein fin lampe som lyser bra,er passeleg stor og littegrann klassisk er komplett umulig!!!

Så inntil skrekken har fordufta så blir det kjøkken uten taklys. Ellers så har me fått koketopp,steikeovn og vatn på plass. Herlig ;)

Egentlig hadde me bestemt oss for nokre brune plater bak vask og komfyr.

Dei er no forkasta og me har heime på testing nokre andre. Heldigvis gløymer eg frå gong til gong kor mykje problemer eg har med å velge slike ting

Eg startar med friskt mot og trur eg har planen klar. Kvar gong. Men neida,plutselig blir alt litt feil og dei valga ein alt har tatt(og som ein ikkkje kan fikse fordi dei heng fast) kan ein ikkje bytte ut og då byrjar angeren og ein tar ein aldri så liten siesta frå heile opppussinga. Til ein har gløymt kor vanskelig alt var å bestemme seg for

Jadda ;)

Her går det unna ja.

mandag 25. oktober 2010

Gå inn her og delta i konkurransen!

Dette er ein blogg for den interiørinteresserte... eller den som vil bli det. Og no har ho konkurranse med fine premiar

http://lobeliahjem.blogspot.com/

lørdag 23. oktober 2010

Heldige meg..


Eg vann ei gåve frå Frøken Fryd i Skjold. Først må eg jo sei at å vinne er kjempekjekt,men også flaut. Tenk å komme der å "tigge " til seg gevinsten.


Det eg fekk var akkurat det rette for meg, eit Green Gate-tørkehåndkle som eg vil bruke som duk, eit lyshus i sink og masse blonder og bånd. Hurra!!!!




mandag 18. oktober 2010

onsdag 6. oktober 2010

Sparkling og foring.

Akkurat nå er kjøkkenet i ein sånn fase av livet sitt at det som blir gjort ikkje viser så godt. Litt kjedelig då...

Bjarte har malt veggene og eg merker at eg reagerer minst like sterkt som før på oljemaling :( Heldigvis gir det seg snart. Magnor var her i dag og fora ut vinduskarmar og dørkarmene. Fora ut er liksom eit ord som seier veldig lite om det som blir gjort syns eg. For meg er det meir dekkande å sei bygge ut. Men på snekkerspråket er det altså fora ut samt avretta,vinkla og vadra ;)

jaja.

Og så har eg sparkla då. Etter denne foringa . Høyres mest ut som eg har trøkt masse mat inn i sprekkene syns eg. Uansett,den vanlige sparkelen løyste opp malingen og derfor brukte eg noko flexiduxe -greier eg fann i ein tube . Så får me sjå om mi gnikking og ordning er bra eller forgjeves.

Det blir ikkje bilde i dag.Håpar å snart kunne vise bilde av kjøkken med golvet på. Må berre kontakte min lokale elektrikar først. Han meinte han kunne elektrikka etter skapa var på plass,men eg må sei eg er skeptisk. Så det må eg altså hugse å gjere i morgon. Og så kan det bli golv. Det er faktisk, når eg tenkjer etter, slik at det golvet skaper litt konflikt ang kva veg det skal leggast., Men siden det er kjøkkensjefen mot resten så vinn vel dei... ;)

Merker no at dette blei eit litt fjollete innlegg. Trur eg er ganske rusa av den malingen faktisk... får vel legge meg og sove ut . God natt :)

søndag 3. oktober 2010

Platefest...

I går fekk me slått opp alle dei kvite platene. Det var visst berre ein middels god idè å mala ute i sommar. Resultatet er sliping og ny maling. Jaja.

No ser eg at det forandrar seg til noko bedre og det likar eg godt :)

Vinduskarmar malt,dør og dørkarm malt og karmen på altandøra er og delvis malt. Den må malast når eg kan ha døra oppe og i går og dag har det blåst medium orkan med regnbyger til.


her ser ein handa på ein av platefestarbeidarane... han har niste og termos med. vel informert om vårt manglande tiulbud.



Golvbelegget er av. Det var ein tomannsjobb for dei med musklar. Dessverre er det berre ein her i huset med musklar. Den andre har nokre små kyllingkjøttboller eller noko slikt. Det er no uansett gjort. Glad det er lenge til neste gong.







tirsdag 28. september 2010

tomt...


No er kjøkkenet tomt. Iallefall for innredning,fliser og vatn.
Litt stusselig å ete i stova,men det er vel ein overgang.
Planen er å byrje med å slå opp plater på veggene på lørdag. Før det er det visstnok masse me må gjere. Det triste er at eg ser det visst ikkje :) Bjarte må minne meg på og påpeike heile tida. Eg kan vel ikkje noko for at eg ikkje er god på å bygge kjøkken vel!


Det eg skal gjere og som faktisk eg har kommet på heilt sjøl (og ville gjort for lenge sidan,men det var visst ikkje smart) det er å male takbjelken og vinduskarmane.
Me er litt usikre på døra. Den bør jo være kvit,vender ut mot 90-tallets furu i gangen og er alltid open.Dilemma for meg ,det passar ikkje med verken eine eller andre. Kanskje me kan male den grønn ;)

Me har funne ut kva golv me skal ha forresten.Det blei parkett og det blei ikkje så allerverst dyrt. To floger i ein smæsj.

fredag 24. september 2010

Kjøkken...2

Gårskveldens jobb.



Blei litt fort mørkt i går,så bildene kjem i dag. Nå er det igjen å skru av benkeplata,demontere skap som heng ufattelig laust(!) og dra av golvbelegg.

Legg merke til den søte tapeten. Må være noko av det søtaste eg har sett <3


Får sjå om eg ikkje kan få publisert neste innlegg av totalt tomt kjøkken.

Golvebelegget viste seg å vera ei nøtt :)



torsdag 23. september 2010

Kjøkkenet er ryddig.



...og tomt...


I går rydda eg alt av benken og la det ut på Finn.no Eg trur ikkje det gjekk to minutt frå det var lagt ut og til det var vekkbestilt. Hurra! Ein bekymring mindre.


Problemet er at når det blei så fint og ryddig så likte eg det gamle kjøkkenet bedre enn på lenge. Kanskje me berre skal ha det ?


Neida,berre tulla ;)


Bilder kjem her,men det var vel bilder av det nye dåkke ville sjå? Jaja,kjem dei og.










mandag 20. september 2010

Kjøkken del....1

Nå er alle skap minus dei to høgskapa skrudd saman. Kontoret er blitt oppbevaring, så det gjeld å slurpe inn magen om ein forvillar seg inn på vaskerommet. Nesten alle skapa på kjøkkenet er tømt.

DET NÆRMAR SEG :)))

Minuset er at det faktisk føles litt trist. Akkurat som me skal flytte...

torsdag 29. juli 2010

Heimelaga...

Eg gløymte jo jordbæra! Dei er enormt store og det gjer ikkje noko at det ikkje er så mange av dei. Akkurat nok til at ein kan grafse til seg eit i forbifarten.

Eller dandere dei i ei skål frå Green Gate og pynte med eplemynte på :)


Sommar,sol og dyreliv.

Lenge sidan sist no. Dagane flyr og det å blogge blir litt langt nede på lista.

Eg skal seinare vise fram årets hageprosjekt,men vil i dag vil eg berre klage min nød. Dyrelivet her på Ersland blir av og til berre for intenst for meg altså ;)


Ein ting er nå disse paddisane som sprett opp over alt i beda. Eg kan nesten garantere at eg ser ei KVAR gong eg lukar,planter eller på anna vis er i beda med nevane. Dei er jo ikkje farlige då,men likevel så ekle. Eg har derfor kjøpt meg ein grønn plastfrosk (ikkje så veldig vakker,mest artig) som eg plasserte midt i paddeveien. Tippar dei får seg eit lite karasjokk når dei ser den megafrosken,eg håpar då dei forstår hintet og ikkje bøllar meir med meg .


Det neste dyret er mygg(eigentleg knott då) Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har reagert sånn på dei før. Og dei et nesten berre på meg og ikkje Bjarte,sjølv om me er på same plass.

Eg har for tida stikk over alt! Så om myggen er ekstra full av dritt i år eller om eg er blitt myggallergisk veit eg ikkje,men det er i allefall vanskelig å sove om natta pga kløen. *Stakkars meg*

Så er det det tredje dyret som er har hatt få møter med før,men to i dag. Det er stålorm,eller sleva som Bjarte kalle det. Eg syns sleva er så rart ord og kjem aldri på det. Det første ordet eg kjem på er SLURPA og det passar vel like godt :)

Uansett så traff eg på ein i dag,trudde først det var hoggorm for den var så brun. Men det viste seg når ekspertisen såg på han at det var altså stålorm. Eg tok litt pause frå å vera akkurat der. Full av pågangsmot fortsatte eg etter 10 minutt. Trur du ikkje at søskenbarnet hans kom då da?Då tok eg matpause.....

Det er dei 3 dyra som eg skulle ønske det var mindre av.

Men så er det dei hyggelige då. Foreksempel pinnsvinet som midt på dagen sprada over plassen her sånn at eg måtte stoppe bilen heilt og vente til han hadde gått inn i hortensiaen. Der låg han og trudde han var usynlig ei god stund før han gjekk under altane og styrte veldig med nokre tørre blader.

Og svalene som vekker oss med kvitring og noko som høyres ut som latter. Det kryr av svaler her. Vanlige folk irriterer seg over at dei bygger reir og skitnar til i garasjen,men me er visst ikkje heilt vanlige. ;)


fredag 16. juli 2010

Giveaway hjå Elisabeth

Det er eit år sidan denne dama starta ein blogg og no har ho Giveaway. Gå inn og sjå!

www.velkommentiloss.blogspot.com

mandag 28. juni 2010

Sommerferie...?

Ja, nå er årets ferie begynt. Eg er liksom ikkje heilt inne i det ennå. Skal på Toraneset i dag då, fast når me har fri :)

I går var eg på Stord. Hagetreff i regi av Hagegal-forumet. Det har eg vore på før og, då på Bømlo. Masse damer og nokon menn.

Me pratar om hage,byttar litt planter og frø og deler gleder over at frøa ein sådde for 3 år sidan no kjem med spirer.

Eg hadde ikkje med meg noko å bytte i denne gongen. Fann liksom ikkje noko som kunne være interessant. Men eg fekk nå med meg ein god del heim då:) Grabbar til meg.

Til helga skal me være barnevakter, eller ungdomsvakter vil eg nesten seie. Dei byrjar bli store. Men uansett så håpar eg på fint vær slik at me kan dra ein plass og bade litt. Det skal være fest på Lie så me må kjøre ein annan plass. Nokon som har forslag?

Lysten til å scrappe kjem snikande og. Er liksom litt ulovlig det , å sitte inne om sommaren og scrappe. Men Merete sa ho ville komme ut ein dag og når ein får besøk må ein jo ta seg av dei då ;)

Håpar alle leserar har fine dagar no når kveldane er lyse og lange!

søndag 20. juni 2010

Rett og slett akeleier.



















Er dei ikkje flotte ? Eg driv og øvar meg litt med kameraet og det ser ikkje ut som eg har vore heilt heldig med fargegjengivelsen.
Dei lilla blir blå og dei kvite blir ikkje rett kvitfarge, men uansett er dei fine då.
I tillegg blomstrar rosa frå Anne Torhild nå. Deilig sommarlukt :)











søndag 30. mai 2010

Bryllupshelg.... og nytt servise. ...og gave i posten.

I helga var me i bryllup til søskenbarnet til Bjarte og hans kone. Eg har ikkje sjekka om det er ok å legge ut bilder av dei,så det får eg evt gjere seinare. Dei fekk hvertfall mediedekking av dagen sin i og med at kyrkja brann på fredag. Vielsen blei flytta til Falnes og gifte blei dei. Men det er stort sett berre kjendisar som har tv2 til å filme på kyrkjetrappa då :)

Dette Green Gate-serviset kjøpte eg hjå Frøken Fryd for nokre gavekort eg hadde. Har vore innom fleire gonger og sett etter eit bilde,men ikkje funne nokon som var slik eg tenkte (ho kunne jo sikkert malt akkurat det eg ville altså!)

Men så var det kanskje meininga at eg skulle ha servise då...

Har noko i Green Gate frå før til drivhuset. Kan sikkert mixe og matche som ein vil.








Eg var så heldig å vinne ein konkurranse på Facebook og dermed vann eg dette frå Sagen Vintage Interiør Det er lys,serviettar,fyrstikker,bilder kort og strykemerker.



Eg føler meg så heldig!!!