mandag 28. september 2009

Mitt tunge møbel.

Eg tenkte berre at eg ville vise fram pianoet mitt.
Syns det er så gildt at eg fekk det.

Me skal som tidlegare nevnt få nokon til å stemme det,men har ikkje somla oss til å gjere noko med det.







På bildet øverst er det ein skygge som kom på berre nokon av bilda til tross for at eg sto på akkurat samme plass. Enten eit pianospøkelse eller berre dårleg fotograf med blitz-problemer.





lørdag 26. september 2009

Ein aldri så liten oppdatering.

Ny lørdag og nye muligheter.

I dag er eg assistent for Bjarte som arrangerer utdrikkingslag.
Har lagd litt pizza til dei og nå svir eg opp vårrullar til meg sjøl. Benyttar sjansen når Bjarte ikkje er heime til å ete slik mat.

Sitt og ser på lørdagsunderhaldningen på NRK. Dei hadde ein test på flygel (!) og eg klarte faktisk å høyre forskjell på dei eg og. Begynner å fatte håp for min musikalitet likevel ;)

Kvelden i går brukte eg svært nyttig på scrappetreff .
Kjempekjekt !
Eg fekk laga ei lerret og ei side. Var egetlig klar for ei side til,men då hadde eg brukt så lang tid på dei to første at dei andre var ferdige og klar for å gå heim.

Merete tok bilder i går ,så eg reknar med ho legg ut i sin blogg.

Nå skal eg ete vårrullane mine og fortsette på scrappesida.
Og ete snop......
Litt koselig må ein gjere det når ein er åleine.

tirsdag 22. september 2009

Ska kun sei ein liten ting.....

Fytti grisen som eg glede meg te scrappetreff på fredag!
Sikkert plass til fleir om nokon er interesserte.

Scrapping e bra <3

lørdag 19. september 2009

Hilde, ein potetopptakar ?

I går og i dag har me tatt opp poteter.

Bjarte har tatt opp flest då,eg var ein tur i byen i dag for å kjøpe gave i siste liten til min lille fadderkusine :)

Ein kan vel sei at avlingen ikkje er enorm,men mange fleire enn dei me sette ned i jorda er det.

Må nok gi vekk noko,for så mykje et me ikkje.


Sol og litt skyer i dag.

Håpar på likeins ver i morgon for då vil eg på tur og eg vil gå skikkelig og ikkje berre tusle!

Kjeks er innkjøpt og så får me høyre om nokon vil bli med.
Dette var kva som møtte meg på kjøkkenet når eg kom frå byen.
Bjarte hadde kokt poteter og heimeavla gulrot til meg.
Eg ser på teljaren min at mange er inne og les. Og det er kjempekjekt syns eg!
Kjekt om nokon legg att spor etter seg ;)

tirsdag 15. september 2009

Blåbærtur.

Me tok oss ein liten bærutflukt på søndag.Til Seljestad faktisk. Det var lite bær å finne,helst eit her og eit der. Men me fann då litt til slutt.
Nokon hadde vore der før oss,det er seint i sesongen og.

Det fineste med turen var i grunn været. Det var mildt og fint,heilt vindstille og SOL!

Trur egetlig ikkje eg har sett sola før i september i år,iallfall nesten.

Me fann litt meir enn dette altså,men det vart visst ikkje bilde av fangsten etter me kom heim.
Ellers er det vel verdt å fortelje at eg i dag har fri og har omsider fått planta alle plantene frå forumtreffet som har stått på vent i vekesvis.Eg er egentlig ikkje så hagelei,meir oppgitt i år.
Alt er liksom så vått og klissete. Bladene råtnar på stilkane.
Min hage treng litt opplett,høyre dåkke det,dåkke som styre været????
Men når det er sagt er det nå utruleg kva ein får gjort på ein føremiddag av hageaktiviteter.
Har planta,luka,rydda litt og plukka rognebær.
Eg har i lengre tid grua meg for å gå til skogs og leite etter rogn,berre for i dag å oppdage at eg hadde rogn nok til å fylle ei bøtte berre 50 meter frå huset. Tyder vel på at eg har vore lite ute i det siste kanskje....
Skal prøve å lage rognebærgele. Det skal visstnok være godt til kjøtt, i tillegg er det vel sjølve det å lage geleen som er spennande for meg.
Mens eg plukka sto eg og funderte på kvifor me blei fortalt at rogn er giftig når eg var liten.
Det er jo ikkje det. Men surt er det då.
Var det fordi det kunne være møll i bæra? Det er jo ikkje farlig det heller.Eller fordi dei inneheld oxalsyre som kan være giftig i store mengder? Liten sjanse for at me skulle forete oss på dei sure bæra. Eg kom vel ikkje fram til noko konklusjon akkurat.
På scrappefronten er det lite produkt,men mykje kreativitet og eg er skikkelig klar for treff.
Alltid ein ekstra puff på å få gjort noko om ein sitt litt i lag med andre og kikkar på deira arbeid.
Eg var på trening i går igjen. Følte det vart litt daft . Kanskje var det berre meg og altså.
Eg kunne godt hatt ei lita økt til faktisk. Burde vel tatt meir i sikkert.
Nå skal eg lese i Lev Landlig-bladet som kom i posten i går. Ikkje kan eg hugse at eg har begynt å abonnere på det,men eg likar Lev Landlig eg,så det går fint :)

tirsdag 8. september 2009

Treningsnarkoman??

Ikkje heilt ennå ,nei.
Men det gjekk mykje bedre i går en sist,så då var det nok ikkje berre kondisjonen min ,men også at eg ikkje var heilt frisk sist. Godt å trøste seg med :)
Kjenner godt at magen fekk trimma seg i går ja.

Var ein liten tur i byen i dag. Sutra meg til ein kvit strikkakjole og nytt sengetøy.
Gler meg nesten like masse til å bruke begge deler,berre ikkje samtidig.

Må snart til byen att ,og då med masse penger og utan Bjarte-shoppebrems;)
Søt fyr,men veldig økonomisk.

Blogcandy frå Stempelgal.

Gå inn her og sjå på alt dene dama får til !
http://stempelgalsverden.blogspot.com/

søndag 6. september 2009

Hey fans,i`m back again!

Lang tørke frå meg nå. Er så masse som skal ordnast og fiksast.
Skulen er begynt og det har vore masse kontorarbeid å ta seg av. Trur det meste er under kontroll nå...

For 14 dagar sidan var eg på hagetreff i Egersund. Masse hagebesøk og planteutveksling.
Eg forstår at eg har masse arbeid igjen å gjere i hagen min,men det visste eg vel fra før også.
Kom heim på søndagen med bagasjerommet fullt og lommeboka litt lettare.

Sist helg laga me til utdrikkingslag for Merete. Eg trur det var kjekt for dei fleste.
Me hadde det i drivhuset. Må nok sei eg hadde trudd det vart kaldt ut på kvelden,men det holdt godt på varmen syns eg. For meg var nok demparen at det virkelig plaskregna stoooore deler av dagen. Regnet bøtta ned og skulle me inn på do måtte det avpassast med regnbyga.
Maten vart laga av ei dame frå Vats. Ho laga all maten over bålet/i bålpanna. Det vart kjempegodt! Eg vart imponert over kyllingen som var så saftig og god.

På mandag var eg på trening for første gong i haust. Skal sei formen min har forbedringspotensiale! Det var tungt,men kjekt også. Utfra kor mykje buksene stramar burde eg vel trene meir enn ein gong i veka,gidd berre ikkje ;)

Denne helga har me hatt slektstreff heime. Var først på skulen i Ø,Vats og så heime i partytelt utføre farfar sin garasje. Var for ein gongs skyld heldige med vèret slik at ein kunne stikke nasen utføre døra. Mykje morsom slekt å kikke på.
Det er likevel godt at det ikkje skjer noko i dag slik at ein kan ta seg litt inn.
Eg har vore småslakk i ei veke no. Mulig det er svineinfluensaen som er nådd Ersland,men det går ikkje å isolere seg i evigheter heller.

Hagen er forsømt i veke etter veke. Hagelysta mi er regna vekk trur eg. Har ikkje fått planta noko av det frå Egersund heller. Vert det arbeidslyst denne veka får eg kanskje gjort noko.....

Har ikkje fått scrappa så mykje heller,eit kort og litt på eit lerret berre. Eller to kort faktisk. Kom ikkje på det eine sidan det vart gitt vekk med ein gong.
Har bestem meg for å være litt forutsjåande og lage kort slik at eg har til eg treng dei. Vil nok då spare meg for litt stress rett før eg skal gå ein plass og burde ha med kort. Ser føre meg det er eit lett forsett,men akk så vanskelig å halde.

På tampen av innlegget må eg jo sei eg har fått meg piano. Det var megatungt og det er nok 4 menn som er ganske såre i musklane av bæringa.
Om det er trøyst er eg hvertfall veldig takknemlig!
Pianoet er svart,litt slitt,defekt og veldig ustemt. Til og med eg høyrer det er noko skjærande feil. Skal nok få det stemt.
Var berre det å hugse dette med noter då....
Det gjer seg godt med lys og bilder på hvertfall og det var det eg egentlig ville ha det til.

Det vert ingen bilder i dette innlegget,men neste gong kanskje.
Satsar på det ikkje vert så lenge til.