lørdag 19. september 2009

Hilde, ein potetopptakar ?

I går og i dag har me tatt opp poteter.

Bjarte har tatt opp flest då,eg var ein tur i byen i dag for å kjøpe gave i siste liten til min lille fadderkusine :)

Ein kan vel sei at avlingen ikkje er enorm,men mange fleire enn dei me sette ned i jorda er det.

Må nok gi vekk noko,for så mykje et me ikkje.


Sol og litt skyer i dag.

Håpar på likeins ver i morgon for då vil eg på tur og eg vil gå skikkelig og ikkje berre tusle!

Kjeks er innkjøpt og så får me høyre om nokon vil bli med.
Dette var kva som møtte meg på kjøkkenet når eg kom frå byen.
Bjarte hadde kokt poteter og heimeavla gulrot til meg.
Eg ser på teljaren min at mange er inne og les. Og det er kjempekjekt syns eg!
Kjekt om nokon legg att spor etter seg ;)

3 kommentarer:

  1. Eg kan godt legge igjen eit spor eg.. Nærmare bestemt eit salt pingvinspor, så kan du jo følga det og sjå kor du ende opp?

    SvarSlett
  2. å nemmen! for ein søtnos :)
    smake di godt da, potetene dåkkas? tar gjerna opp bestilling på fem poteter eg.
    Kor du ska på tur?

    SvarSlett
  3. Tilbake fra utlandet med kofferten full av snop altså?

    Vett kje kor turen går si d ska regna,jedna te byn.

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar