tirsdag 15. september 2009

Blåbærtur.

Me tok oss ein liten bærutflukt på søndag.Til Seljestad faktisk. Det var lite bær å finne,helst eit her og eit der. Men me fann då litt til slutt.
Nokon hadde vore der før oss,det er seint i sesongen og.

Det fineste med turen var i grunn været. Det var mildt og fint,heilt vindstille og SOL!

Trur egetlig ikkje eg har sett sola før i september i år,iallfall nesten.

Me fann litt meir enn dette altså,men det vart visst ikkje bilde av fangsten etter me kom heim.
Ellers er det vel verdt å fortelje at eg i dag har fri og har omsider fått planta alle plantene frå forumtreffet som har stått på vent i vekesvis.Eg er egentlig ikkje så hagelei,meir oppgitt i år.
Alt er liksom så vått og klissete. Bladene råtnar på stilkane.
Min hage treng litt opplett,høyre dåkke det,dåkke som styre været????
Men når det er sagt er det nå utruleg kva ein får gjort på ein føremiddag av hageaktiviteter.
Har planta,luka,rydda litt og plukka rognebær.
Eg har i lengre tid grua meg for å gå til skogs og leite etter rogn,berre for i dag å oppdage at eg hadde rogn nok til å fylle ei bøtte berre 50 meter frå huset. Tyder vel på at eg har vore lite ute i det siste kanskje....
Skal prøve å lage rognebærgele. Det skal visstnok være godt til kjøtt, i tillegg er det vel sjølve det å lage geleen som er spennande for meg.
Mens eg plukka sto eg og funderte på kvifor me blei fortalt at rogn er giftig når eg var liten.
Det er jo ikkje det. Men surt er det då.
Var det fordi det kunne være møll i bæra? Det er jo ikkje farlig det heller.Eller fordi dei inneheld oxalsyre som kan være giftig i store mengder? Liten sjanse for at me skulle forete oss på dei sure bæra. Eg kom vel ikkje fram til noko konklusjon akkurat.
På scrappefronten er det lite produkt,men mykje kreativitet og eg er skikkelig klar for treff.
Alltid ein ekstra puff på å få gjort noko om ein sitt litt i lag med andre og kikkar på deira arbeid.
Eg var på trening i går igjen. Følte det vart litt daft . Kanskje var det berre meg og altså.
Eg kunne godt hatt ei lita økt til faktisk. Burde vel tatt meir i sikkert.
Nå skal eg lese i Lev Landlig-bladet som kom i posten i går. Ikkje kan eg hugse at eg har begynt å abonnere på det,men eg likar Lev Landlig eg,så det går fint :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar