søndag 30. mai 2010

Bryllupshelg.... og nytt servise. ...og gave i posten.

I helga var me i bryllup til søskenbarnet til Bjarte og hans kone. Eg har ikkje sjekka om det er ok å legge ut bilder av dei,så det får eg evt gjere seinare. Dei fekk hvertfall mediedekking av dagen sin i og med at kyrkja brann på fredag. Vielsen blei flytta til Falnes og gifte blei dei. Men det er stort sett berre kjendisar som har tv2 til å filme på kyrkjetrappa då :)

Dette Green Gate-serviset kjøpte eg hjå Frøken Fryd for nokre gavekort eg hadde. Har vore innom fleire gonger og sett etter eit bilde,men ikkje funne nokon som var slik eg tenkte (ho kunne jo sikkert malt akkurat det eg ville altså!)

Men så var det kanskje meininga at eg skulle ha servise då...

Har noko i Green Gate frå før til drivhuset. Kan sikkert mixe og matche som ein vil.








Eg var så heldig å vinne ein konkurranse på Facebook og dermed vann eg dette frå Sagen Vintage Interiør Det er lys,serviettar,fyrstikker,bilder kort og strykemerker.



Eg føler meg så heldig!!!

















søndag 16. mai 2010

Helga før den store 17. mai-dagen.

Først må eg berre undre meg litt over at 17. mai for dei fleste ikkje er noko stas. Kva er galt med 17. mai då? Det er vel noko med kva ein gjer det til sjølv og. Viss ein går med innstillinga om at ein ikkje orkar ta på bunaden for det er sånn stress så lar ein vel være det då. Samstundes tek ein jo vekk litt av magien og då,når ein ikkje gidder å pynte seg fordi det "nå berre er kjende ein ser likevel ". 17 mai er vel for meg ei høgtid om ein kan kalle det for høgtid utan forventingar frå andre. Slik som jul f.eks, som for meg egentlig er litt konfliktfylt. Men nok om det.


Denne planten har eg tatt bilde av kun fordi den gjer meg glad. Mange gode kvalitetar: den er vintergrønn,den sper seg moderat, den har friske fargar og den luktar som godteri. Det er ganske bra syns eg Så den har eg to av.
Denne rododenhdronen (korleis skriv ein egentlig det?) kjøpte eg hjå ein veldig søt danske på siste dag av forumtreffet i fjor. Her på bildet er ikkje fargen gjengitt rett. Den er ikkje så limefarga i virkeligheten. I tillegg har den mørkt bladverk som er med og framhever gulfargen ennå meir. Eit godt kjøp!

Dette er årets tomater... På denne tida i fjor hadde eg blom på plantene,noko som betyr at dei nok minst var 50 cm høge. Desse er maks 10. Viss eg legg godviljen til. Jaja.
Er jo sådd mykje seinare og då. Årets første døde en stille død...
Men det kan fort bli tomater til slutt i år og.
Helga har stått i hagens tegn. Har hatt langhelg og fått gjort masse småputling rundt her.
Dratt opp buskar igjen og. Er visst noko me likar godt det. I dag kom regnet og det treng me faktisk. Den plenen vårt er eit eventyr(skummelt eventyr) Kort fortalt :dårlig vekst- hønskeskitt- raking,plenklipping-vatning-raking-vatning og no ein del døde parti og noko grønt. Me treng egentlig litt varme no altså. Satsar på den kjem ut i veka.
I morgon er altså den store is-dagen Då håpar eg regnet er skrudd av og feststemningen er på. Bjarte har fått ny dress og eg skal gå i bunaden min. Eg liker den godt eg. Ikkje fordi eg ser så deilig ut,men fordi farmor har brukt mange ,mange timar på den når ho broderete og tenkte at Hilde-knoppen skulle få den. Eg er stolt av at ho ville sy den akkurat til MEG :)
Hipp hurra for 17 mai!



















søndag 9. mai 2010

Ganske effektive helg.

Ei helg som har ført til ømme musklar og god samvittighet er forbi. Det starta i går med at me skulle dra opp ein busk. Bjarte har lånt pappa sin traktor og sidan me hadde den kunne den jo brukast....

Ein busk blei til to buskar som igjen førte til at eg gravde opp alle spireabuskane. Eg har no to ting på lista det er lenge til eg skal plante att : sibiriris og spirea.


Det var både tungt og skittent arbeid,men kjekt og. Når eg var ferdig satte eg ned nokre rododendron. Det var på tide dei fekk sjå lyset att for å seie det slik.
Deretter luka eg rosebedet som eg trur må inneha norgesrekord i antall ugrasfrø. Det tar ikkje slutt. Godt fornøgd med arbeidet er eg då. Og total oppskrapa på armane.
Flytta også nokre planter,potta om i drivhuset,vatna,flytta rundt på ein hageslange. (Me hadde hønseskitt på plenen for ei tid tilbake og nå vatnar me for at det skal løyse seg opp. Ingen fare for at plenen tørker her ellers ;) )
Eg fekk og tid til å legge siste hånd på eit konfirmankort,levere det samt forstyrre konfirmantens mor og sitje på skrenten og ete is.
Bra dag!!!
Eller,nå kom eg på nedturen. Me såg ei rotte,i hagen,lys levande,ganske ekkel og sikkert på jakt etter noko snacks. Den lever nå ikkje lenger. Men eg tenkjer at er det ei så er det fleire rett rundt her.
Så i dag har eg sunge høgt for meg sjøl sånn at evt rotter høyrer meg når eg kjem og gjøymer seg.
I dag har eg tatt det litt meir kuli då.
Kasta litt døde planter i drivhuset,rydda litt og lagt på plass putene. Det blei så mykje kosligare då med ein gong.
Det var når eg dreiv og kasta døde planter eg fann denne karen. Han hadde rolsa seg ned i badekaret me hadde til endene. Eg pleier kikke oppi der i tilfelle det er orm,vil jo ikkje dei skal dø sjølv om dei er skumle. Men her låg altså denne fyren. Først trudde eg han var død,men så viste det seg at han spelte død. Pusta plutselig masse. Eg fiska han opp med ein spade for eg tok ikkje sjansen på å løfte han. Ein høyrer jo stadig om folk som blir spist av pinnsvin.;)
Må forresten sei at han var overraskande tung. Det fann litt vatn som eg satte framfor han. Det viste seg seinare å være bak han då....
Lenge låg han berre der og bolla seg saman,men så kom han på han hadde overlevd. Virka ørlite grann sur fordi han blei tatt bilde av rett etter ein såpass traumatisk episode...
Han tusla nå avgårde,rett mot karet igjen men så snudde han litt og dro inn i graset rett under ein horv. Håpar eg ser han igjen,men då helst i lett jogg over plenen og ikkje i eit tomt badekar. (me SKAL fjerne det karet altså)
Dette er ein kombinasjon eg syns er veldig flott.Det limegule mot det mørke. Er litt spent på den busken. Kjøpte den i fjor og i følge Mr . Ødegård var det "noko han hadde lagd sjøl " Skal visst blomstre i kvitt.

Eigentleg ei heilt vanlig rutelilje,men likevel så fin syns eg. Tenk at naturen kan lage slike ruter.
Kuleprimula med sommarfugl på. Det var egentlig den eg skulle ta bilde av , men den slo seg saman akkurat då... Nå ser det egentlig ut som det er megatung og bøyer heile planten :)


Det var nesten heile helga. Bjarte har vore på ein kald og god fotballkamp.
Då sydde eg tre trekk til nokre korgstolputer eg har i drivhuset. Den eine er bruktfunn og hadde ei skikkelig blomstrete pute,dei andre va kvite. No er alle eplegrønne og vaskbare.
Eg gjekk i heile fjor sommar og var redd for å skitne til dei kvite. Begriper ikkje at eg ikkje kom på å lage trekk....
Me har forresten hatt ein del sol i det siste og i går var det mulig å gå i singlet. Eg treng litt farge på armane merker eg. Mest ønskeleg er brun ,men rosa er ein bra start.
Så til slutt eit hjertesukk som eg håpar ingen tek personleg,for det er ikkje meint slik, kvifor må ALT kjekt denne våren skje akkurat i helga 28- 30 mai? Det er då så mange andre dagar å velge... eller?

Håpar alle får ei fin veke,mi er ganske kort :)