søndag 16. mai 2010

Helga før den store 17. mai-dagen.

Først må eg berre undre meg litt over at 17. mai for dei fleste ikkje er noko stas. Kva er galt med 17. mai då? Det er vel noko med kva ein gjer det til sjølv og. Viss ein går med innstillinga om at ein ikkje orkar ta på bunaden for det er sånn stress så lar ein vel være det då. Samstundes tek ein jo vekk litt av magien og då,når ein ikkje gidder å pynte seg fordi det "nå berre er kjende ein ser likevel ". 17 mai er vel for meg ei høgtid om ein kan kalle det for høgtid utan forventingar frå andre. Slik som jul f.eks, som for meg egentlig er litt konfliktfylt. Men nok om det.


Denne planten har eg tatt bilde av kun fordi den gjer meg glad. Mange gode kvalitetar: den er vintergrønn,den sper seg moderat, den har friske fargar og den luktar som godteri. Det er ganske bra syns eg Så den har eg to av.
Denne rododenhdronen (korleis skriv ein egentlig det?) kjøpte eg hjå ein veldig søt danske på siste dag av forumtreffet i fjor. Her på bildet er ikkje fargen gjengitt rett. Den er ikkje så limefarga i virkeligheten. I tillegg har den mørkt bladverk som er med og framhever gulfargen ennå meir. Eit godt kjøp!

Dette er årets tomater... På denne tida i fjor hadde eg blom på plantene,noko som betyr at dei nok minst var 50 cm høge. Desse er maks 10. Viss eg legg godviljen til. Jaja.
Er jo sådd mykje seinare og då. Årets første døde en stille død...
Men det kan fort bli tomater til slutt i år og.
Helga har stått i hagens tegn. Har hatt langhelg og fått gjort masse småputling rundt her.
Dratt opp buskar igjen og. Er visst noko me likar godt det. I dag kom regnet og det treng me faktisk. Den plenen vårt er eit eventyr(skummelt eventyr) Kort fortalt :dårlig vekst- hønskeskitt- raking,plenklipping-vatning-raking-vatning og no ein del døde parti og noko grønt. Me treng egentlig litt varme no altså. Satsar på den kjem ut i veka.
I morgon er altså den store is-dagen Då håpar eg regnet er skrudd av og feststemningen er på. Bjarte har fått ny dress og eg skal gå i bunaden min. Eg liker den godt eg. Ikkje fordi eg ser så deilig ut,men fordi farmor har brukt mange ,mange timar på den når ho broderete og tenkte at Hilde-knoppen skulle få den. Eg er stolt av at ho ville sy den akkurat til MEG :)
Hipp hurra for 17 mai!



















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar