onsdag 27. mai 2009

Gode forsetter...

Har visst gløymt at eg eg skulle oppdatere kvar dag.
Skjer liksom ikkje så masse her berre.

I dag var eg for andre dag på rad påkurs i Ølen,fakturering.
Det er jo berre såååå meg å drive med tal og rekning og sånt.
Men gode rundstykker hadde dei. Fin vane i grunn ,å eta ferdig påsmurt mat kvar dag. Bør vel med tanke på det heller begynne å jobba på rådhuset.


Etterpå var eg i byen med farfar,kom heim,åt middag og enda opp med lett snorking på sofaen.

Var hos mamma og pappa litt med ein purreplantasje. Bjarte kjøpte to potter med purreplanter i. Det viste seg å være sikkert 50 purrar i kvar så då gav eg vekk resten.
Måte på kor godt purre er liksom.

Tanten min var i Vats så då fekk me planlagt litt ang div hageturar og sånt.

Bjarte har spylt altanen vår i dag så då kan me vel berre håpa på fint ver så eg kan få olja den.
Eg hadde egentlig tenkt på spyle sjøl og,men når han gjorde e var det ei lette. Oljinga syns eg er heilt ok faktisk.

Plantene ute har fåt relativt kjempemasse vatn i det siste, regna og hagla litt. Berre 6 gr i dag. Kor blir egentlig sommaren min av?
Tida der eg kan sprade rundt,være brun og gå i kjole. Eller i det minste ikkje bruke strikkasokkar. Begynner å bli litt utålmodig her altså.

lørdag 23. mai 2009

Me starte hvertfall bra!

Best å oppdatera kvar dag så ein kjeme inn i god vane.

I dag har eg hatt ei kombinert hage-og latedag.
Potta om nokon tomater,blei litt lite jord så eg blei gjerrig på slutten.
Planta ut sommarblomster uten særlig herding,håper dei kjem seg før slafsesneglane får ferten av dei.

I går hengte eg opp ei lysslynge i taket på drivhuset og syns det var ein kjempeide,men når eg kom opp i dag såg det berre kjempeteit ut. Så måtte den ned igjen.
Det førte til litt ufrivillig kviling rett ut, for den nakken min tåler visst ikkje å væra bøyd bakover.Boiiing i golvet.

Har nå hatt sol i dag då,så då måtte eg sole meg litt og syns eg, ikkje berre grave i jord.
Leverte så nokre planter til ei eg har fått pelargonstiklingar av før,og dro deretter inn til Vats for å sjå når Magnor sjøsatte cruiseskipet sitt.

Har nå vassa og erklærer badesesongen for opna.Men kaldt var det.

Kom heim,svidde opp ein pizza og så var det kvelden i dag og.

Har fått forklaring på korleis eg skal legge inn bilde,men får det ikkje til så bildene må kvar og ein lage i eige hovud inntil vidare ;)

fredag 22. mai 2009

Eg kunne tenkt meg å få klæsja inn ett bilde øverst på sida på min andre bloggdag,men eg finn visst ikkje ut korleis eg skal gjere det. Hjelp alle bloggsmartinger! (spesielt Merete og Anders som kan forklare meg uten at eg kortslutte)

torsdag 21. mai 2009

Det første innlegget


Nå har eg plutselig oppretta min egen blogg.

Usikker på om eg klarer å følge opp dette med nye innlegg.

Kanskje ennå meir usikker på kor interessant dette eg skriv er for andre....


I dag er det jo egentlig rød dag. Eg juksa meg til å plante to nyinnkjøpte trær,men det viste seg å være feil for då begynte det å regna.

Fekk låna nokon blad og bøker av ei venninne som var innom i dag,så då blei det innelesing i dag. Ny dag med nye plantemuligheter i morgon.