onsdag 27. mai 2009

Gode forsetter...

Har visst gløymt at eg eg skulle oppdatere kvar dag.
Skjer liksom ikkje så masse her berre.

I dag var eg for andre dag på rad påkurs i Ølen,fakturering.
Det er jo berre såååå meg å drive med tal og rekning og sånt.
Men gode rundstykker hadde dei. Fin vane i grunn ,å eta ferdig påsmurt mat kvar dag. Bør vel med tanke på det heller begynne å jobba på rådhuset.


Etterpå var eg i byen med farfar,kom heim,åt middag og enda opp med lett snorking på sofaen.

Var hos mamma og pappa litt med ein purreplantasje. Bjarte kjøpte to potter med purreplanter i. Det viste seg å være sikkert 50 purrar i kvar så då gav eg vekk resten.
Måte på kor godt purre er liksom.

Tanten min var i Vats så då fekk me planlagt litt ang div hageturar og sånt.

Bjarte har spylt altanen vår i dag så då kan me vel berre håpa på fint ver så eg kan få olja den.
Eg hadde egentlig tenkt på spyle sjøl og,men når han gjorde e var det ei lette. Oljinga syns eg er heilt ok faktisk.

Plantene ute har fåt relativt kjempemasse vatn i det siste, regna og hagla litt. Berre 6 gr i dag. Kor blir egentlig sommaren min av?
Tida der eg kan sprade rundt,være brun og gå i kjole. Eller i det minste ikkje bruke strikkasokkar. Begynner å bli litt utålmodig her altså.

5 kommentarer:

  1. Så koselige blogg du har ;-)

    Bare lurte på om du trenge et halvt tonn med olja te terassen din eg, for eg har 10 spann uåpna i kjellaren, me ska beisa både terasse og trapp, så blir ikkje brukte her....

    SvarSlett
  2. Ja,nå va du litt seine ; ) eg kjøpte 2 spann tidligare i dag.du finne vel ein plass å broka d tenke eg.

    SvarSlett
  3. Hah! Eg fant deg :-) måtte leita litt einaste. Ska følga med her trur eg, og læra masse nyttig om hage!

    SvarSlett
  4. purre e ubegrensa godt

    SvarSlett
  5. Detta va knallkoselig, Hilde!! Eg syns jo eg hørre stemmen din når eg lese :-)
    Ser deg i mårå, klar for meir utejobbing og kvelpekos... Kjem nok te å kikka innom av og te,- ekje allti ein fredag e nok te å oppdatera ei heile veka, vettu!
    Helsing Kari Synnøve

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar