lørdag 28. november 2009

Snart advent...

I morgon er det første søndag i advent. Rart kor fort denne tida mot jul går.

I dag har eg vaska litt og rydda litt og pynta litt og baka litt og snekra litt og i tillegg fått med meg julegateopning i Isvik. I grunn ein ganske produktiv dag.

Eg vil ønske alle leserar ei god adventssøndag!

fredag 20. november 2009

Kortkurs hjå Scrappekjelleren

I går var eg på kortkurs i byen. Masse inspirasjon og så får me sjå kva som kjem ut av dette.....; )


























Begriper ikkje heilt kvifor det er så trøblete for meg å legge inn bilder. Dei kjem visst litt i hytt og vær.
































tirsdag 17. november 2009

Bloggcandy hos Oddbjørg

Sjå på denne bloggcandyen! Bli ein følger i bloggen hennes du og og sjå på alt det inspirerande denne dama lagar . http://oddbjorgor.blogspot.com/

søndag 15. november 2009

Julekalender.

Eg fekk melding tidlegare i dag av Merete om eg kunne sende ho nokre bilder av kalenderen ho laga til meg i fjor. Og sidan eg først hadde lagt dei inn på datamaskinen kan eg jo legge dei ut her og.

Denne fekk eg til fødselsdagen min og det var proppfull av småting til scrapping. Ein uforglemmelig gave :)



søndag 8. november 2009

Du deilige søndag!

Denne søndagen er eg skikkelig fornøyd med. Sov lenge,laga eit kort til pappa( jada alltid ute i god tid ) var i suppemiddag,kjørte ein tur og åt chips når me kom heim. Herlig!

Det har stort sett gått i leiting etter bil dei siste vekene. Bjarte er ein tålmodig leitar som vil finne den ultimate bilen. Eg er desverre meir på rånarstadiet ennå....
Me lånar ein bil no i helga,den viste seg å avdekke fysiske skavankar hjå meg eg ikkje visste eg hadde.

I går var me hjå Merete og Kai Espen. Ein kjempekoselig kveld med god mat. Om ho vert lei av livet som kunst og håndverkslærar kan ho med godt hell bli kokk :)
Blir så inspirert av å være der for ho har så god smak i møblering og pynt at eg skal bruke litt tid og penger i morgon på å dra til byen og sjå om eg finn noko eg kan dekorere mitt middelmådige hjem med. Blandt anna vil eg ha ein lampe på pianoet. Den må derfor være litt gammeldag. Lampar og gardiner er to vanskelige ting å finne,så eg pleier utsetje slikt lenge.

På torsdag var eg på scrappetreff på skulen i regi av Elin. Kjempetrivelig kveld som gjekk altfor fort. Heldigvis er det treff i byen på fredag og neste torsdag vert det kurs på meg i å lage julekort. Skal då få scrappa nok merker eg.

Ønsker alle ei god veke!