søndag 8. november 2009

Du deilige søndag!

Denne søndagen er eg skikkelig fornøyd med. Sov lenge,laga eit kort til pappa( jada alltid ute i god tid ) var i suppemiddag,kjørte ein tur og åt chips når me kom heim. Herlig!

Det har stort sett gått i leiting etter bil dei siste vekene. Bjarte er ein tålmodig leitar som vil finne den ultimate bilen. Eg er desverre meir på rånarstadiet ennå....
Me lånar ein bil no i helga,den viste seg å avdekke fysiske skavankar hjå meg eg ikkje visste eg hadde.

I går var me hjå Merete og Kai Espen. Ein kjempekoselig kveld med god mat. Om ho vert lei av livet som kunst og håndverkslærar kan ho med godt hell bli kokk :)
Blir så inspirert av å være der for ho har så god smak i møblering og pynt at eg skal bruke litt tid og penger i morgon på å dra til byen og sjå om eg finn noko eg kan dekorere mitt middelmådige hjem med. Blandt anna vil eg ha ein lampe på pianoet. Den må derfor være litt gammeldag. Lampar og gardiner er to vanskelige ting å finne,så eg pleier utsetje slikt lenge.

På torsdag var eg på scrappetreff på skulen i regi av Elin. Kjempetrivelig kveld som gjekk altfor fort. Heldigvis er det treff i byen på fredag og neste torsdag vert det kurs på meg i å lage julekort. Skal då få scrappa nok merker eg.

Ønsker alle ei god veke!

2 kommentarer:

  1. Kan du legge ut bilder av korta du lagar?

    SvarSlett
  2. Heilt enige, du blir nødt for å ta bilde av alle di flotte kortå dine og legga di ut, alternativt organisera ein rundtur rundt te slekt og vennar sånn at me får sjå alt du har gitt vekk? Tuuusen takk for alle di fine ordå forresten, merka at eg blei aldeles ovenpå her, på tide nåken jekke meg ner nåken hakk :-)

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar