onsdag 3. juni 2009

Pinsehelg og hagehelg.



I helga var me i Egersund på hagedag. Ein god del fattigare og med masse planteskattar dro eg derfrå.
Me reiste i lag med tanten min,farfar og Solveig. Trur dei fann noko dei lika dei og.

På veg vidare mot Kvinesdal var me innom Moi der dei har ein butikk eg ikkje huske navnet på. Noko allà Fransk landstil eller noko sånt. Både tanten min og eg falt heilt for eit roseblomstra kaffeservise og når Solveig såg det vart ho og heilt betatt. Dermed kjøpte ho først eit kakefat og plutselig var ho inne att og kjøpte eit til. Ganske koselig at ein i ein alder av 93 år kjøper kakefat på impuls når ein sikkert har 100 stk heime ;)

Resten av helga vart roleg og fredlig i Kvinesdal, god mat, hagesnoking og feiring av ein 91 årsdag og ein 19 års dag. Bjarte og eg ekk eige hus å sove i. Idyllisk med hester rett rundt døra og elva som susa forbi. Frokost på utedotrappa og lesing i blader og bøker. Ekte feriestemning.
Frokost på dotrappa i Voran


På mandagen vart tanten og onkelen min besteforeldre og farfar vart oldefar. Trur han syns det var gildt. Den stolte far ringte frå Usa sikkert 5 gonger på ganske kort tid for å oppdatere oss.

På veg heim stoppa me på Vikeså og der forlangte dei to eldste pølse i brød og Cola.
Fin oppleving å sjå dei to sitje der å drikke Cola rett av flaska.






Etter det har eg vel stort sett prøvd å trykke planter nedpå ledige plasser.......
Fantaserer om å lage eit kvitt bed,men dagen i dag strakk ikkje heilt til.
Fekk berre luka eit bed i dag før eg dro til Vats og fekk tre roser utan navn. Etterpå har eg av alle ting gravd ned eit badekar i plenen og lagt ferdigplen rundt.






Nå kjem då bøygen med å få lagt inn bilder her då......












Helgas fangst.

3 kommentarer:

  1. Hørtes ut som ein koselig tur! Fint at farfar og solveig fekk lufta seg litt:)

    SvarSlett
  2. Ja,eg trur dei likte seg godt. solveig lufte seg nå forresten titt og ofta,for hu sko på nye tur seinare i vekå.

    SvarSlett
  3. Hørtes ut så ein kosleig tur, måtte humre litt av et par av setningane der, om dei gamle som kosa seg ;D

    Litt av en fangst do har fått med deg, blir spennande å få sjå ein dag ;-)
    Eg hadde og badekar i hagen ei stonn, men det gjekk fort øve, va litt halvredde at ongane sko detta oppi der å drukna eg :/
    Lure meg på om ikkje den eina vannliljå fekk nytt liv hos deg ittepå??

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar