lørdag 6. juni 2009

Andehus-bygging.

Den mannlige delen av husholdnigen var oppe ganske tidleg i dag og fortsatte bygginga av andehus. Eg syns det heile tek litt av ,men det er det vel best å tie om.
Eg veit at det var eg som sutra om at eg ville ha ender igjen,men treng dei ferdigplen rundt badekaret sitt? Og nytt hus? Sidan me har eit frå sist liksom. Jaja,det blir vel bra. Eg syns berre me kunne venta og sett om det kom noko ut av egga først.

Eg har framleis plan om å lage eit nytt bed,men er ikkje komme så langt ennå. Derfor står nå div stauder i diger,svart murbalje som eg vatnar i. Får håpe dei overlever til bed-inspirasjonen min kjem....

Eg har nå snart tatt ut alle kaste-ut-blommane av drivhuset og får derfor bedre plass til tomat,agurk og chiliane. Pluss sofabenken min då ;)
Agurk nr 2 og 3 er klare for innhausting i dag. Eg ser nå det ikkje var dumt å så dei så tidleg likevel,men jammen har eg pusla mykje med dei plantene og.

Har fått tak i to trekassar som eg egentlig tenkte å ha pelargonier i,men eg stussar på om eg skal behandle dei først. Om eg gjer det mister dei jo det gamle preget og om eg lar det være råtnar dei vel.
Får tenke på det i dag før eg tek dei i bruk.

Nå er det vel sikkert tid for å legge vek datamaskinen og heller gjere noko i mitt lille rotehus. Har ikkje så lyst berre.....

Må forresten sei at eg sett veldig pris på at folk kommenterer. Takk!

3 kommentarer:

  1. Åja,du vil ha kommentarer? Får vel skjerpe meg litt, si du er så flink til å kommentere i min! Me er to stykker her ute som og venter på at egga skal klekkast, sjølv om den eine er ein smule meir gira på ender enn den andre;-)

    SvarSlett
  2. blir nok ikkje så mange ender som først tenkt altså.men me håpe på meir enn ei......
    ska sei fra når di e klekka så dåkke kan komma å sjå når di bade.

    SvarSlett
  3. Så koseligt at de har eige basseng ;-) Må ut å sjå de eingong før de varte store å kjeme itte meg når eg kjeme...

    Ska sei det hadde skjedd møkje på bloggen din foresten, spennande å sjå ;-)

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar