onsdag 24. juni 2009

Maling både her og der.

I går feira me St. Hans ved sjøen i Vats. Flott kveld med grilling,vafler og bål.
Hadde med mamma og pappa. Trur spesielt mamma syns det var bra. Endelig fekk ho feire St.Hans ved sjøen igjen sa ho. Aslaug kom ein tur ned og då.
Ho er søt altså. Egentlig seier ho at ho ikkje skal ha noko ,men så blir det til at ho et både det eine og det andre.

Kvelden vart avslutta rundt bålet med kvar si vaffel. Plutselig kom ei mus fram frå steintrappa.
Den var ikkje redd ein gong. Kom fram og åt sjølv om me sto rett ved sida.
Så suste det ei flaggermus over skuldra på Wenche og då vart plutselig dyrelivet for intenst. Spesielt med tanke på måkene som bombarderer folk som kjem for nær reiret deira med unevnelige ting .

Eg passa vel på å sjekke kjølebagen for mus før eg la meg. Den musa var truande til kva som helst!



I dag har me malt...
Bjarte har malt vegger og rekkverk. Eg har malt vegger ,rekkverk,beina mine,shortsen, grusen, armane,golvet på altanen og litt sånt.
Men jammen fekk me gjort ein del i dag og altså.
Har berre ei side igjen med rødt pluss rekkverket. men så kjem listene då. I grønt... og kvitt....
Det gjekk hardt for seg og eg skrelte av huden på ei tå og fekk vannblemme av malingen. Det med tåa var vel meir kløning enn maling altså.

Ny dag i morgon med maling, grising og sikkert litt gangsperr i armen etter å ha dratt kosten fram og tilbake i over 7 timar.

Skal ha klubbavlutning her. Håpar på like fint ver som i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar