søndag 6. september 2009

Hey fans,i`m back again!

Lang tørke frå meg nå. Er så masse som skal ordnast og fiksast.
Skulen er begynt og det har vore masse kontorarbeid å ta seg av. Trur det meste er under kontroll nå...

For 14 dagar sidan var eg på hagetreff i Egersund. Masse hagebesøk og planteutveksling.
Eg forstår at eg har masse arbeid igjen å gjere i hagen min,men det visste eg vel fra før også.
Kom heim på søndagen med bagasjerommet fullt og lommeboka litt lettare.

Sist helg laga me til utdrikkingslag for Merete. Eg trur det var kjekt for dei fleste.
Me hadde det i drivhuset. Må nok sei eg hadde trudd det vart kaldt ut på kvelden,men det holdt godt på varmen syns eg. For meg var nok demparen at det virkelig plaskregna stoooore deler av dagen. Regnet bøtta ned og skulle me inn på do måtte det avpassast med regnbyga.
Maten vart laga av ei dame frå Vats. Ho laga all maten over bålet/i bålpanna. Det vart kjempegodt! Eg vart imponert over kyllingen som var så saftig og god.

På mandag var eg på trening for første gong i haust. Skal sei formen min har forbedringspotensiale! Det var tungt,men kjekt også. Utfra kor mykje buksene stramar burde eg vel trene meir enn ein gong i veka,gidd berre ikkje ;)

Denne helga har me hatt slektstreff heime. Var først på skulen i Ø,Vats og så heime i partytelt utføre farfar sin garasje. Var for ein gongs skyld heldige med vèret slik at ein kunne stikke nasen utføre døra. Mykje morsom slekt å kikke på.
Det er likevel godt at det ikkje skjer noko i dag slik at ein kan ta seg litt inn.
Eg har vore småslakk i ei veke no. Mulig det er svineinfluensaen som er nådd Ersland,men det går ikkje å isolere seg i evigheter heller.

Hagen er forsømt i veke etter veke. Hagelysta mi er regna vekk trur eg. Har ikkje fått planta noko av det frå Egersund heller. Vert det arbeidslyst denne veka får eg kanskje gjort noko.....

Har ikkje fått scrappa så mykje heller,eit kort og litt på eit lerret berre. Eller to kort faktisk. Kom ikkje på det eine sidan det vart gitt vekk med ein gong.
Har bestem meg for å være litt forutsjåande og lage kort slik at eg har til eg treng dei. Vil nok då spare meg for litt stress rett før eg skal gå ein plass og burde ha med kort. Ser føre meg det er eit lett forsett,men akk så vanskelig å halde.

På tampen av innlegget må eg jo sei eg har fått meg piano. Det var megatungt og det er nok 4 menn som er ganske såre i musklane av bæringa.
Om det er trøyst er eg hvertfall veldig takknemlig!
Pianoet er svart,litt slitt,defekt og veldig ustemt. Til og med eg høyrer det er noko skjærande feil. Skal nok få det stemt.
Var berre det å hugse dette med noter då....
Det gjer seg godt med lys og bilder på hvertfall og det var det eg egentlig ville ha det til.

Det vert ingen bilder i dette innlegget,men neste gong kanskje.
Satsar på det ikkje vert så lenge til.

1 kommentar:

  1. He... he Har du kjøpt deg piano? Har du eller Bjarte spilt den før da?

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar