mandag 10. august 2009

Det kvite bedet tar form.

Sjølv om det fekk form som ein snømann ,noko som på ein måte berre skjedde ,er eg ganske fornøyd.
Det skal være kvitt som hovedfarge,enten på blomst eller blad.
Eg kan sjå bedet frå kjøkkenvinduet og har liksom tenkt at sjølv om det er mørkt ute vil lyset frå lampa på veggen lyse litt opp på det kvite.
Utfordringa for meg ligg vel litt i å ikkje gløyme meg ut og plante lilla og litt i å hugse kva slags planter i hagen som er kvite slik at eg kan flytte på dei.
Ser liksom føre meg at det plutselig kikkar opp nokre gule greier og eg fatta ingen ting.
Nett slik som den såinga mi i år. Det har komme opp tomater,erteblomst,akeleier og sitron på dei merkeligaste plasser . Trur eg har vore distre når eg sådde.
Tenkjer det er klart til planting om nokre dagar. Må berre sjå at det ikkje kjem igras i jorda først.

1 kommentar:

  1. komme det ikkje fleire innlegg? vente i spenning på å lesa meir om ka som skjer på ersland

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar