onsdag 5. august 2009

Besøksraid og hageherjing.

Det har i grunn vore travelt for bloggskrivaren det siste.



Eg fekk besøk av Marit sist mandag.



På tirsdagen inviterte eg til lappeparty i drivhuset og hadde då 7 gjester oppi der.



Onsdagen gjekk med til bytur og til å sjå på gamle videoar heime hos mamma og pappa.



På torsdagen reiste Marit heim igjen utan å ha sett vestlandet i anna enn regn og grå skyer.



Den dagen brukte eg i hagen til regnet bøtta ned. Dro opp gras og ugras frå det svært uryddige rosebedet mitt....


På fredagen hadde eg først besøk av Inger-Johanne og hennas søte sønn og om kvelden hadde eg koselig besøk av Maria. Det er så skjeldan ein treffest og så mykje ein skal fortelje om. Då går timane fort og det vart lyst att før eg var under dyna.

På lørdag fekk eg med meg Bjarte og me jobba videre med å luke og dekke til i rosebedet.



Trur det blei bra- for ei stund.



Endene syns visst eg hadde brukt lite tid på dei for dei la seg heile tida ned rett føre meg og kikka opp. "nå må ho vel sjå at me og er her"



Spesielt den som heiter Duffy er ganske selskapssjuk. Ho kunne heilt sikkert tenkt seg å være med meg på ALT!

Søndagen kom først Maria ,men ho kunne ikkje være så lenge denne gongen og på ettermiddagen kom Anders og søskenbarnet mitt,Sindre.

Eg fann ut at eg hadde visst ikkje snakka med Anders heile sommaren....
Han har vore på Island i sommar. Kjekt å høyre om det dei hadde opplevd.


Det virkar kanskje som eg klagar over masse gjester,men eg nyt det.
Er berre stadig like overraska over at når eg først får besøk så kjem alle på ein gong ; )






På mandag var det for ein gongs skuld ikkje regn og eg fekk luka og rydda litt i beda mine.
Det trengdes!



Har lenge planlagt eit bed med kvitt som tema. Har berre ikkje funne ut korleis me skal få til kantinga rundt.



Var i byen ein tur for å sjå på storgatestein,men skal eg ha det bør eg helst vinne i Lotto først. Det vert derfor kanting av Erslandsstein plukka rundt på tomta. Trur det blir bra eg og det passar vel bedre inn og.

I går fekk me atter ein smak av sommar og sol.
Inviterte oss sjølv til grilling ved sjøen i Vats. Eg lika sol og utemat altså!
Kikka tilfeldigvis på klokka når me satt der og den var nesten halv ni.Då var det framleis sol og varmt. Ei fin påminning for meg om at sommaren er ikkje over sjølv om juli går over i august.

I dag vart endelig bedet gravd opp. Bjarte brukte gravemaskinen og eg trilla vekk grastustene.
Godt å være i gong!

Får vel ut og jobbe litt meir.



Morgondagen skal muligens brukast på litt god samvittighet og gjentenester;)
Bildene kom motsatt,men nå orkar eg ikkje flytte på dei.
Godt eg fekk med kantskjæret på øverste bildet.
Pga diverse som skjedde nå gjekk hagepiffen ut for denne gong.....






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar