torsdag 29. juli 2010

Sommar,sol og dyreliv.

Lenge sidan sist no. Dagane flyr og det å blogge blir litt langt nede på lista.

Eg skal seinare vise fram årets hageprosjekt,men vil i dag vil eg berre klage min nød. Dyrelivet her på Ersland blir av og til berre for intenst for meg altså ;)


Ein ting er nå disse paddisane som sprett opp over alt i beda. Eg kan nesten garantere at eg ser ei KVAR gong eg lukar,planter eller på anna vis er i beda med nevane. Dei er jo ikkje farlige då,men likevel så ekle. Eg har derfor kjøpt meg ein grønn plastfrosk (ikkje så veldig vakker,mest artig) som eg plasserte midt i paddeveien. Tippar dei får seg eit lite karasjokk når dei ser den megafrosken,eg håpar då dei forstår hintet og ikkje bøllar meir med meg .


Det neste dyret er mygg(eigentleg knott då) Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har reagert sånn på dei før. Og dei et nesten berre på meg og ikkje Bjarte,sjølv om me er på same plass.

Eg har for tida stikk over alt! Så om myggen er ekstra full av dritt i år eller om eg er blitt myggallergisk veit eg ikkje,men det er i allefall vanskelig å sove om natta pga kløen. *Stakkars meg*

Så er det det tredje dyret som er har hatt få møter med før,men to i dag. Det er stålorm,eller sleva som Bjarte kalle det. Eg syns sleva er så rart ord og kjem aldri på det. Det første ordet eg kjem på er SLURPA og det passar vel like godt :)

Uansett så traff eg på ein i dag,trudde først det var hoggorm for den var så brun. Men det viste seg når ekspertisen såg på han at det var altså stålorm. Eg tok litt pause frå å vera akkurat der. Full av pågangsmot fortsatte eg etter 10 minutt. Trur du ikkje at søskenbarnet hans kom då da?Då tok eg matpause.....

Det er dei 3 dyra som eg skulle ønske det var mindre av.

Men så er det dei hyggelige då. Foreksempel pinnsvinet som midt på dagen sprada over plassen her sånn at eg måtte stoppe bilen heilt og vente til han hadde gått inn i hortensiaen. Der låg han og trudde han var usynlig ei god stund før han gjekk under altane og styrte veldig med nokre tørre blader.

Og svalene som vekker oss med kvitring og noko som høyres ut som latter. Det kryr av svaler her. Vanlige folk irriterer seg over at dei bygger reir og skitnar til i garasjen,men me er visst ikkje heilt vanlige. ;)


1 kommentar:

  1. Derfor eg ikkje ska ha hage altså... Padder og slever.. æsj !! Men den grønne frosken va jo litt søt da =))

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar