torsdag 4. november 2010

Lampeskrekk??

Det trur eg at eg har. Lampe og gardinskrekk.

Eg syns det å finna ein fin lampe som lyser bra,er passeleg stor og littegrann klassisk er komplett umulig!!!

Så inntil skrekken har fordufta så blir det kjøkken uten taklys. Ellers så har me fått koketopp,steikeovn og vatn på plass. Herlig ;)

Egentlig hadde me bestemt oss for nokre brune plater bak vask og komfyr.

Dei er no forkasta og me har heime på testing nokre andre. Heldigvis gløymer eg frå gong til gong kor mykje problemer eg har med å velge slike ting

Eg startar med friskt mot og trur eg har planen klar. Kvar gong. Men neida,plutselig blir alt litt feil og dei valga ein alt har tatt(og som ein ikkkje kan fikse fordi dei heng fast) kan ein ikkje bytte ut og då byrjar angeren og ein tar ein aldri så liten siesta frå heile opppussinga. Til ein har gløymt kor vanskelig alt var å bestemme seg for

Jadda ;)

Her går det unna ja.

1 kommentar:

  1. Heldige du, så bare har gardin og lampeskrekk. Eg har interiørbeslutningsvegring, og det blir det samma, bare det gjelde for fleire områder. Er spent på kva som er alternativa på kjøkkenet:-) Kanskje nåke heilt enkelt i matlagingsdelen og lysekrone/sink/fattigmannssølv over kjøkkenbordet?

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar