fredag 19. juni 2009

Blåturdamen....

Nå er det snart ferie og det ser eg fram til. Det har vore mykje ekstra dei siste vekene.
I dag er det gardsskule og det er ein fin avslutning på veka. Synd det ikkje blir slik til neste år.
I går var me på Eikemo som ein avslutning for klassen. Eikemo er for de som ikkje veit det ein gard som ligg langt til fjells i Åkrafjorden. Veglaust og forlatt. Men 5 fastbuande er det der,ca 200 geiter og sikkert andre dyr og. Me prøvde stølslivet ,fekk rømmegraut og gjekk til ein gard ennå lenger inn fjellet. For meg er det heilt utrulig at folk busett seg slike plasser.
Korleis kjem dei på det????

Grunnen til overskrifta er at eg i dag skal på min 3 blåtur denne våren.
Eg som aldri har vore på blåtur før. Og kanskje ikkje er overbegeistra heller for slik uforutsigbarhet....
Men eg har vel godt av det sikkert. Håpar berre veret kjem seg om me skal være ute for dei siste dagane har det regna. Men frå søndag av kjem finveret. Satsar me på ;)


Andungane veks,trives og badar uansett ver. Det er kanskje ein som er litt mindre enn dei andre viss ein ser godt etter,men dei ser friske ut.
Er spent på korleis den eine av dei vert når han blir vaksen. Den er heilt anleis i fargane og litt større enn dei andre. Bjarte kallar han Stian.... _Eg mistenker nesten at den andemora må ha hatt ein liten flørt med ein annan andemann, feks ein moskus. Me får sjå.

På lørdag skal det være loppemarked på Stemnestaden. Trur me får dra dit og sjå om me ka finne noko me kan dra med heim.

Nå er visst tida komme for å gå på arbeid. Har høyrt rykter om avslutningsfest.

2 kommentarer:

  1. jammen hadde di ikkje blitt søte og store, endene dokkar. Me er nok nødt for å komma å kikka igjen snart, ska bare bli ferdige med dette feriestyret først. Blei det nåken lopper på dokke forresten??

    SvarSlett
  2. lite lopper.eg jakte på ett nattbord.
    d hadde di kje.
    dåkke reise vel i måro,så dåkke får sjå endene når dåkke kjeme igjen ja.
    di vekse for kvar dag.
    trur d blir klubb nå på torsdag.
    dumt du ikkje kunne vara med,men hvis eg venta va eg redd nåken andre for på ferie.

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar