tirsdag 13. oktober 2009

I bryllups-etter-rus....

Me var i Vats og feira Merete og Kai Espen sitt bryllup på lørdag. Det var ein veldig kjekk kveld!
God mat og trivelige folk og ikkje minst eit herlig brudepar som gjorde sitt beste for at alle skulle føle seg velkommen. Takk!

Om natta sov me hos foreldra til Bjarte.
Det hadde forsåvidt ikkje så mykje med festen å gjere,men det var slikt eit nydelig ver å gå i . Fredlig og rolig,ikkje bilar og stjerneklart.

Dagen etter var me på restelunsj hos brudeparet,det var mange andre der også.
Alikevel trur eg nok dei satt att med ganske mykje mat.
Me fekk sjå bilder. Eg tok ikkje nokon bilder i det heile,men håpar eg kan få låne nokon av Merete. Ho har dessutan lova å legge ut bilder i bloggen sin. Må berre få orde på det andre først.

Maten var forøvrig laga av Bodil med svært god hjelp av Merete.
Det smaka like godt dagen etter.

I går berre fjasa eg heime og nytte siste haustferiedagen. Laga komler til Bjarte og gjekk ein tur i det fine veret

I dag byrja eg på jobb att. Litt hardt å stå opp,men resten var bra.

Burde vel ordna litt i hagen før jul,men det er heldigvis nokre få dagar att å gjere det på ; )

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar