fredag 15. januar 2010

Helg!

Egentlig har eg vel ikkje så mykje nytt å berette om.

I morgon skal me i selskap og eg gler meg veldig. Har visst store forventingar til dette selskapet :) Syns berre bursdagsbarnet er slik ein going <3


Etter arbeid i dag (der eg forresten viste djevelsida av meg for skremte 8 åringar ,hihi ...) dro Elin og eg til byen for å besøke morfaren til Bjarte på sjukehuset. Sidan det ikkje er besøkstid før kl 17.00 greidde eg lokke ho med på shopping først (Elin altså) Men ho var ikkje like lett som før å lokke til ufornuftig handel,ikkje veitt eg kva som har skjedd. Eg fekk nå handla hvertfall.


Trur hjernen min hadde tatt helg litt før meg, for det falt meg ikkje inn at Scrappekjelleren ikkje hadde ope i all evighet. Det førte til panisk shopping i ti minutt før dei stengte. Ti minutt der er som ti sekund og utbyttet mitt vart svært dårleg. Raska med med nokre boksar eg skal dekorera og gi til ein veldig dyktig person eg kjenner...:) Ellers vart det lite.


Godt å komme heim og berre gjere ingenting. Sjølv om huset mitt i grunn skrik om at eg skulle gjort masse. Det kjem vel ein dag i morgon og som eg kan bruke til å koooose meg med husarbeid.


Eg får legge inn eit bilde i dag tenkjer eg. Skulle vel helst vore av noko lekkert,men sidan eg er slik ein sjøldiggar vert det bilde av meg sjølv på skitur. Kald vind og nydelig sol på Fjellstøl i går.


God helg!

1 kommentar:

  1. Hei! Takk for kommentar!
    Selvsagt kan su "stjele" ideer fra mine arbeider! Bare hyggelig det!

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar