søndag 24. januar 2010

Bambi på isen.

Jada,Bambi det er meg det.
Me blei invitert til Aksdal for å gå på skøyter av tanten og onkelen til Bjarte. (takk! )
I hui og fast heiv me meg oss skøyter og vottar. Dermed gløymte me fotoapparat, mat og drikke.
Var ikkje der ute så lenge då, det kjennes i beina når ein ikkje går på skøyter meir enn kvart 5 år. Dessutan skulle dei andre til Vats på middag.
Anbefaler alle å ta seg ein tur ut dit altså,det var flott is og masse folk.

Sidan me ikkje hadde noko etande med og eg som kjent ,meiner det er alfa og omega for turar, så varma eg meg kakao og skillingsbolle når eg kom heim att. Det var herlig!
Ingen bilde i dag,men kanskje i morgon.
Eg har laga ein boks som eg skal gi vekk. Den er ikkje heilt ferdig,men om den blir bra så viser eg den kanskje.

Ønsker alle ein koselig søndag ettermiddag og anbefaler på det sterkaste kakao og bolle :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar