Soloppgang over Engene. |
Heime var snøen heilt vekke og ei lita tue med Erantis lyste opp. Eg måtte liksom berre luke litt rundt dei og.
Her er ei julerose frå besteforeldra til Bjarte, i byen. Den har blomstra lenge,men no viste dei så godt. Fulle av pågangsmot lurer dei seg opp igjennom snøen tidleg i februar.
Snøklokkene er ein god venn av meg. Dei fortel om vår og håp. Når me reiste for ei veke sidan hadde eg fått auge på ei lita tue og når me kom att var det mange. Dei er raske altså ;)
Dagen i dag er nytta til hageinspeksjon, vasking av frøbrett, hagedblad-lesing i drivhuset og plutselig saging av greiner på plommetrea. Godt å få det gjort. Eg veit at det kjem til å snø att og eg blir skuffa, men likevel har nå dagen vore ein forsmak på vår då. Prøvde å luke litt, men ddet var frossent i bakken. Ser det er masse gras i beda...igjen....
Det var mange koselige vårtegn og komme hjem til!
SvarSlettVi har vinterferie nå og det skal bli godt med noen dager fri!
Ønsker deg en fin kveld. Klem