mandag 29. juni 2009

Ferievèr og malingsrus.

Nå har me snart hatt ferie i ei veka og vèret e fremdeles strålande. Herlig!
Har malt og malt og ser nå ei ende på det.

Klubbavslutningen vart koselig. Me satt ute rundt bålpanna til det var tid for pakkeleik og så var det kake i drivhuset. Er vel kanskje ikkje lov å kalle marengbunn med krem på for kake,men...
Det vart ikkje kaldt heller.

I kveld har me hatt besøk av mamma og pappa.
Grilla i bålpanna og prøvde den nye steikehella til . Riktig koselig var det.
Kaffi og litt sjokolade etterpå er vel det eg synes mest om. Fann ein kjempegod sjokolade med jordbær i. Vanskelig å ikkje ete alt sjølv....
Endelig er dei lyse sommarkveldane kommet,dei me ventar på og drøymer om heile vinteren.


I morgon er det meldt regn og om det slår til blir det pause i malinga. Eg tenkjer nok me finn noko å gjere for det. Eg bør hvertfall bake noko for det er lite å servere når det kjem uventa gjester. Eller er det vel alltid noko rydding og vasking som ventar.

onsdag 24. juni 2009

Maling både her og der.

I går feira me St. Hans ved sjøen i Vats. Flott kveld med grilling,vafler og bål.
Hadde med mamma og pappa. Trur spesielt mamma syns det var bra. Endelig fekk ho feire St.Hans ved sjøen igjen sa ho. Aslaug kom ein tur ned og då.
Ho er søt altså. Egentlig seier ho at ho ikkje skal ha noko ,men så blir det til at ho et både det eine og det andre.

Kvelden vart avslutta rundt bålet med kvar si vaffel. Plutselig kom ei mus fram frå steintrappa.
Den var ikkje redd ein gong. Kom fram og åt sjølv om me sto rett ved sida.
Så suste det ei flaggermus over skuldra på Wenche og då vart plutselig dyrelivet for intenst. Spesielt med tanke på måkene som bombarderer folk som kjem for nær reiret deira med unevnelige ting .

Eg passa vel på å sjekke kjølebagen for mus før eg la meg. Den musa var truande til kva som helst!



I dag har me malt...
Bjarte har malt vegger og rekkverk. Eg har malt vegger ,rekkverk,beina mine,shortsen, grusen, armane,golvet på altanen og litt sånt.
Men jammen fekk me gjort ein del i dag og altså.
Har berre ei side igjen med rødt pluss rekkverket. men så kjem listene då. I grønt... og kvitt....
Det gjekk hardt for seg og eg skrelte av huden på ei tå og fekk vannblemme av malingen. Det med tåa var vel meir kløning enn maling altså.

Ny dag i morgon med maling, grising og sikkert litt gangsperr i armen etter å ha dratt kosten fram og tilbake i over 7 timar.

Skal ha klubbavlutning her. Håpar på like fint ver som i dag.

fredag 19. juni 2009

Blåturdamen....

Nå er det snart ferie og det ser eg fram til. Det har vore mykje ekstra dei siste vekene.
I dag er det gardsskule og det er ein fin avslutning på veka. Synd det ikkje blir slik til neste år.
I går var me på Eikemo som ein avslutning for klassen. Eikemo er for de som ikkje veit det ein gard som ligg langt til fjells i Åkrafjorden. Veglaust og forlatt. Men 5 fastbuande er det der,ca 200 geiter og sikkert andre dyr og. Me prøvde stølslivet ,fekk rømmegraut og gjekk til ein gard ennå lenger inn fjellet. For meg er det heilt utrulig at folk busett seg slike plasser.
Korleis kjem dei på det????

Grunnen til overskrifta er at eg i dag skal på min 3 blåtur denne våren.
Eg som aldri har vore på blåtur før. Og kanskje ikkje er overbegeistra heller for slik uforutsigbarhet....
Men eg har vel godt av det sikkert. Håpar berre veret kjem seg om me skal være ute for dei siste dagane har det regna. Men frå søndag av kjem finveret. Satsar me på ;)


Andungane veks,trives og badar uansett ver. Det er kanskje ein som er litt mindre enn dei andre viss ein ser godt etter,men dei ser friske ut.
Er spent på korleis den eine av dei vert når han blir vaksen. Den er heilt anleis i fargane og litt større enn dei andre. Bjarte kallar han Stian.... _Eg mistenker nesten at den andemora må ha hatt ein liten flørt med ein annan andemann, feks ein moskus. Me får sjå.

På lørdag skal det være loppemarked på Stemnestaden. Trur me får dra dit og sjå om me ka finne noko me kan dra med heim.

Nå er visst tida komme for å gå på arbeid. Har høyrt rykter om avslutningsfest.

lørdag 13. juni 2009

Prøver å legge ut ein film. Veit ikkje om det går.





fredag 12. juni 2009

Bilde av andungane.

Eg gløymte å ta bilde den dagen,men no kom eg på det. Rett før jobb,typisk meg.......



Dei likte ikkje å bli tatt bilde av......
Posted by Picasa

onsdag 10. juni 2009

De små andebarna.

Nå er dei endelig kommet,andungane. Skal legge inn bilde litt seinare.
Det har visst vore noko feil med rugemaskinen ,så dei er kanskje ikkje levedyktige.
Men akkurat no er den 4 komme ut av egget og dei virkar livlige og kvikke til no. Me får sjå.

Eller lite hagenytt. Måtte vatne for nokre dagar sidan. Utrulig kor tørt det kan bli av vind altså.
Ser ut som det vert blomster på rosene i år og. Den eg har fått av tanten min er heilt overausa med små ,kvite enkle roser som lukter kjempegodt!
Synd det varer så kort tid. Kunne tenkt meg å ha den lukta i reserve og ta den fram ut på seinvinteren....

I går var eg på blåtur. Me enda på saloonen i Etne. Koselig!
Bussen holdt på å kræsje med ein trailer på veg inn då,men det gjekk heldigvis godt.
Og i kveld skal eg på kombinert Tupperware- og Casaparty. Har egentlig ikkje masse eg treng,men kjøper vel litt for det.

Må vel nytte denne fridagen min godt og kanskje få ned i jorda nokre av staudene som framleis står i balje etter den o`store plantehelga i pinsen.

lørdag 6. juni 2009

Andehus-bygging.

Den mannlige delen av husholdnigen var oppe ganske tidleg i dag og fortsatte bygginga av andehus. Eg syns det heile tek litt av ,men det er det vel best å tie om.
Eg veit at det var eg som sutra om at eg ville ha ender igjen,men treng dei ferdigplen rundt badekaret sitt? Og nytt hus? Sidan me har eit frå sist liksom. Jaja,det blir vel bra. Eg syns berre me kunne venta og sett om det kom noko ut av egga først.

Eg har framleis plan om å lage eit nytt bed,men er ikkje komme så langt ennå. Derfor står nå div stauder i diger,svart murbalje som eg vatnar i. Får håpe dei overlever til bed-inspirasjonen min kjem....

Eg har nå snart tatt ut alle kaste-ut-blommane av drivhuset og får derfor bedre plass til tomat,agurk og chiliane. Pluss sofabenken min då ;)
Agurk nr 2 og 3 er klare for innhausting i dag. Eg ser nå det ikkje var dumt å så dei så tidleg likevel,men jammen har eg pusla mykje med dei plantene og.

Har fått tak i to trekassar som eg egentlig tenkte å ha pelargonier i,men eg stussar på om eg skal behandle dei først. Om eg gjer det mister dei jo det gamle preget og om eg lar det være råtnar dei vel.
Får tenke på det i dag før eg tek dei i bruk.

Nå er det vel sikkert tid for å legge vek datamaskinen og heller gjere noko i mitt lille rotehus. Har ikkje så lyst berre.....

Må forresten sei at eg sett veldig pris på at folk kommenterer. Takk!

onsdag 3. juni 2009

Pinsehelg og hagehelg.



I helga var me i Egersund på hagedag. Ein god del fattigare og med masse planteskattar dro eg derfrå.
Me reiste i lag med tanten min,farfar og Solveig. Trur dei fann noko dei lika dei og.

På veg vidare mot Kvinesdal var me innom Moi der dei har ein butikk eg ikkje huske navnet på. Noko allà Fransk landstil eller noko sånt. Både tanten min og eg falt heilt for eit roseblomstra kaffeservise og når Solveig såg det vart ho og heilt betatt. Dermed kjøpte ho først eit kakefat og plutselig var ho inne att og kjøpte eit til. Ganske koselig at ein i ein alder av 93 år kjøper kakefat på impuls når ein sikkert har 100 stk heime ;)

Resten av helga vart roleg og fredlig i Kvinesdal, god mat, hagesnoking og feiring av ein 91 årsdag og ein 19 års dag. Bjarte og eg ekk eige hus å sove i. Idyllisk med hester rett rundt døra og elva som susa forbi. Frokost på utedotrappa og lesing i blader og bøker. Ekte feriestemning.
Frokost på dotrappa i Voran


På mandagen vart tanten og onkelen min besteforeldre og farfar vart oldefar. Trur han syns det var gildt. Den stolte far ringte frå Usa sikkert 5 gonger på ganske kort tid for å oppdatere oss.

På veg heim stoppa me på Vikeså og der forlangte dei to eldste pølse i brød og Cola.
Fin oppleving å sjå dei to sitje der å drikke Cola rett av flaska.






Etter det har eg vel stort sett prøvd å trykke planter nedpå ledige plasser.......
Fantaserer om å lage eit kvitt bed,men dagen i dag strakk ikkje heilt til.
Fekk berre luka eit bed i dag før eg dro til Vats og fekk tre roser utan navn. Etterpå har eg av alle ting gravd ned eit badekar i plenen og lagt ferdigplen rundt.






Nå kjem då bøygen med å få lagt inn bilder her då......












Helgas fangst.