torsdag 29. oktober 2009

Rett og slett sjuk.

Ikkje så mykje meir å seie om saken enn det. Lysten til blogging,scrapping og div huslege gjeremål er på bånn. Men no i kveld har eg hvertfall klart å sitje oppe og ikkje måtte kvile heile tida. Framskritt det og : )
Sjuka er vel mistenkjeleg lik svineinfluensa berre at eg ikkje har feber. Er vel noko eselgreier sikkert. Eselhoste eller noko.
Best å legge seg for kvelden.


Mistenkjeleg mange leserar her midt på dagen, nokon som les blogg når dei er på skulen?
Det er vel IKKJE lov ?? ;)

torsdag 22. oktober 2009

Klokken er 22.00 og intet er nytt....

Lenge siden eg skreiv nå. Lite nytt som skjer her. Som vanlig.
Eg sprudlar ikkje akkurat over av overskudd kjenner eg. I kveld har eg nå fått hoste og, så kanskje det er ein forkjøling eg bryggar på. Eg har no vet til å medisinere meg sjøl i all fall.

Har byrja på julekortprodusjonen. Ser at stilen i år er meir minimalistisk enn tidlegare år,men om det tyder på latskap,mangel på matrialer eller berre ny stil er enno uvisst.
Eg skal på kurs hjå http://www.scrappekjelleren.no/ og lære meg litt nye teknikkar litt ut i november (eg ser eg kan ikkje lage fine linkar)
Gler meg til kurset,men akk og ve så lenge det er til! Heldigvis har eg endelig fått masa meg til privat treff med nokre venninner og det kortar ned på ventetida.

Nå ska eg rett og slett legga meg. Kontor-rotte-livet startar svinaktig tidlig om morgonen og litt søvn må til.

Eg ser på teljaren min at det er mange inne her og les,det sett eg stor pris på. Fortsett med det!

Så ønsker eg gamle og og unge leserar ei god helg!

tirsdag 13. oktober 2009

I bryllups-etter-rus....

Me var i Vats og feira Merete og Kai Espen sitt bryllup på lørdag. Det var ein veldig kjekk kveld!
God mat og trivelige folk og ikkje minst eit herlig brudepar som gjorde sitt beste for at alle skulle føle seg velkommen. Takk!

Om natta sov me hos foreldra til Bjarte.
Det hadde forsåvidt ikkje så mykje med festen å gjere,men det var slikt eit nydelig ver å gå i . Fredlig og rolig,ikkje bilar og stjerneklart.

Dagen etter var me på restelunsj hos brudeparet,det var mange andre der også.
Alikevel trur eg nok dei satt att med ganske mykje mat.
Me fekk sjå bilder. Eg tok ikkje nokon bilder i det heile,men håpar eg kan få låne nokon av Merete. Ho har dessutan lova å legge ut bilder i bloggen sin. Må berre få orde på det andre først.

Maten var forøvrig laga av Bodil med svært god hjelp av Merete.
Det smaka like godt dagen etter.

I går berre fjasa eg heime og nytte siste haustferiedagen. Laga komler til Bjarte og gjekk ein tur i det fine veret

I dag byrja eg på jobb att. Litt hardt å stå opp,men resten var bra.

Burde vel ordna litt i hagen før jul,men det er heldigvis nokre få dagar att å gjere det på ; )

onsdag 7. oktober 2009

Haustferie

Denne veka har me haustferie. Me starta med å reise til Sætre på fredag og kom heim i går. Det var ikkje så kjempefint ver der borte,men me fekk ein liten luftetur på søndag då.


Kjekt å treffe familien der borte og.










I dag jobbar Bjarte med Magnor og eg har fjasa rundt i byen og brukt opp litt penger. Utruleg så fort ein kan få brukt dei opp når ein berre handlar på rette plassene.


Eg såg etter sko for me skal i bryllup, eller "bryllup" som nokon kallar det (hi hi); på lørdag til Merete og Kai Espen.


Men eg fann ingen sko i dag som passa til humøret.
Derfor har eg lånt nokon av Elin. Dei er hvertfall ikkje for store så eg driv og breiar dei ut med pailabbane mine no.

I grunn rart eg ikkje skulle finne nokon her heime eg kunne ha. Hadde oppteljing i går og antall svarte finsko er meir en to.....

Jaja.


Det har minka litt på endene sidan me dro også. No er det berre 2 damer igjen. Dei sørger trur eg for dei ser seg totalt forvirra rundt,roper og nekter å ete.
Skal ut og skifte vatn hjå dei no snart i håp om at det skal lette litt på humøret.
Eit bad hjelper som kjent mot mykje : )




Kjenner eg er litt lat i dag.Har mange prosjekt på lista,men det vert helst med tanken. Får gå ut til endene først og så får eg sjå kva eg tek til med.




Håpar du som les dette får ein fin dag!




Kjekt om du legg att ein fin kommentar .