torsdag 24. mars 2011

Award til meg og alle som vil :)

Eg har fått min første award og syns det er kjempekoselig.

Men å få kopiert inn awarden i min blogg får eg ikkje til.

Derfor skriv eg berre og droppar bilde :)

Den er todelt og del 1. er sei 8 ting om deg sjølv.

1. Eg er altfor glad i brødmat. Og kunne nok betalt for å sleppe å ete middag nokre dagar.

2. Komplett hagegal. Fryder meg over biller og knoppar. Alt!

3. ...men ikkje padder då. Syns padder kan være VELDIG innpåslitne til tider. Dei kan godt flytte.

4. Har ein sommarhobby som er hagen og ein til vinterbruk. Det er scrapping. Har mykje glede av liming ,klipping og klissing med stempel. Av og til blir det fine ting og av og til ikkje.

5.Syns det er fysisk vondt å fryse og har ein uttrykt snøangst. Merker ein viss panikk når landskapet forandrar seg og eg lurer på om me kjem til å snø inne... Jada,eg veit at å snø inne på vestlandet er sjeldan :)

6.Likar ikkje å ringe til folk. Dess nærare dess verre. Men å ringe vilt fremande gjer meg ikkje noko.

7. Eg har ein jobb der eg får utfordere meg sjølv kvar dag. Både på godt og vondt. Kven hadde vel trudd denne frøkna skulle arbeide på skule...

8. Elsker sko.Uansett om det er mine eller andre sine, billige eller dyre. Men kjærligheten ligg nok på "dokkesko" (sko med litt hel, ankelreim og spiss tå) og svarte støvletter. Kor mange ein treng av desse er uklart ;)

Del 2. er å dele denne med 5 andre bloggere som har mindre enn 100 følgere. Meeeeeen siden denne linkingen er eit stort problem for meg , så gir eg den til dei som har lyst :)

Kjem snart tilbake med eit vårinnlegg no, for no er det litt vår her hos oss!

søndag 30. januar 2011

Stemningsrapport på nest siste dag i januar.

I dag hadde eg meg ein hagerunde og kikka litt. Spennande å sjå om noko grønt er på veg opp. Min første oppdaging er at det er virkelig frossent i jorda. Eg prøvde sparke til ei tue her og der, men det er beinhardt. Så den plante som klarar det er god. Ikkje ein gong ein løvetann skua mitt auge ;) Såg likevel toppen av julerosene,så det er bra då.

Rådyra har forsynt seg godt av noko og ikkje smaka på andre ting. Eg vil jo sjølvsagt ikkje dei skal gnafse i det heile, men noko er eg ikkje så redd for som andre ting. Det var gått hardt utover eit nyplanta plommetre mens eple rett ved sida av var urørt. Egentlig eit rådyr etter min smak for eg og er mykje meir glad i plomme enn eple då ... Den fine treet med raud bark var i år urørt, same med Aroniaen. Men den vintergrønne hekken som veks seint og treng kvar millimeter,den måtte dei jo ta... TYYYPISK ;)

Ellers kan eg notere for meg sjøl at fiberduken ikkje har tålt vinteren og gått fullstendig i oppløysing. Stakkar dei små under,dei var aldeles islagt...

Hausta meg nokre toppløk og gjekk inn att.

Det er nok litt tidleg å starte sesongen ennå,men likevel ei fiiin tid å lage seg planar. Nokre kan det til og med hende det blir noko av :)

fredag 14. januar 2011

Eg har starta våren.

.. med å så staudefrø:) Litt spent på om eg har gjort det rett og sånn, men det vil jo visa seg. Tok enklaste utveg og sådde inne, lot dei stå ca eit døgn før eg satte alt ut i snøen og breia akrylduk over. Så får me sjå , om eg blir nødt til å sette opp skilt ved vegen "Hjelp oss,vi drukner i stauder,kom og kjøp! " Tvilar på det .

Siste veka har eg vore sjuk og ganske daff,heldigvis byrjar det å komme seg i dag. Eg prøvde meg på ein kopp kaffi og den smaka ikkje godt! Hjelp, tenk viss eg har slutta å like kaffi da :s

søndag 2. januar 2011

God jul .... og godt nyttår og faktisk.

Eg har visst vore litt sløv med blogginga i den søte juletid. Ikkje egentlig spesielt travel,men likevel for travel for blogging. No er nå iallefall jula over og eg må sei det har vore ei fin jul :)
Snøen kom i god tid for dei som lika det...
På første juledag var Bjarte og eg på Fjellstøl og gjekk på ski. Veldig kaldt og veldig fint.

Nyttår vart feira med kalkun hos Merete og Kai Espen. Riktig koselig var det. Me syns det var så koselig at me overnatta til dagen etter og sto opp til nylaga rundstykker :) Snakk om perfekt vertinne da!!!

No nyter eg siste fridag før arbeidet byrjar att i morgon.

Legg ut litt bilder av kjøkkenet i dag. ikkje dei beste bilda ser eg, men dei viser litt då. Det var litt for rotete for oversiktsbilde i dag. Manglar litt på veggene og ser eg. Men det kjem altså!