søndag 26. februar 2012

Vinterferien 2012.

Soloppgang over Engene.
 Ferien kan i korte drag beskrivas som avslappa. Litt skigåing på tidenes glattaste føre, litt shopping og masse mat:) På Sætre var det komme ny vedovn og nytt golv i stova. Skal sei det hjalp på varmen i romma! Godt å være på ferie og godt å komme heim :)
 Heime var snøen heilt vekke og ei lita tue med Erantis lyste opp. Eg  måtte liksom berre luke litt rundt dei og.
 Her er ei julerose frå besteforeldra til Bjarte, i byen. Den har blomstra lenge,men no viste dei så godt.  Fulle av pågangsmot lurer dei seg opp igjennom snøen tidleg i februar.
Snøklokkene er ein god venn av meg. Dei fortel om vår og håp. Når me reiste for ei veke sidan hadde eg fått auge på ei lita tue og når me kom att var det mange. Dei er raske altså ;)

Dagen i dag er nytta til hageinspeksjon, vasking av frøbrett, hagedblad-lesing i drivhuset og plutselig saging av greiner på plommetrea. Godt å få det gjort.  Eg veit at det kjem til å snø att og eg blir skuffa, men likevel har nå dagen vore ein forsmak på vår då. Prøvde å luke litt, men ddet var frossent i bakken. Ser det er masse gras i beda...igjen....

onsdag 15. februar 2012

Moseplassen sin x-faktor

Etter nokre dagar pause er eg på att. Dagen utfordring var svart , grønn eller fleirfarga.

Eg valgte meg då nokre akeleier som eg nok mest sannsynleg har fått frå Kvinesdal.Det har komme masse planter derfrå :) Flotte er dei der dei står og dansar i vinden. På bildet ser dei litt burgunder ut, men dei er meir svart i virkeligheten

Eg ser det har sneke seg ei lita, rosa linselus med også. Eg veit egentlig navnet på denne akeleien, men no står det litt stille oppi her.

fredag 10. februar 2012

torsdag 9. februar 2012

Dagens x-faktor er rød.

Dagens x-faktor er ei julerose, Helliborus, som eg har fått av mormor til Bjarte. Den trives godt og gir håp om vår der den står i snø til knea og blomstrar ;)

onsdag 8. februar 2012

Moseplassen sin x-faktor :)

Eg må først få sei at eg no har vakna frå bloggdravlen. Håpar eg ikkje sovnar att....

Blei inspirert til å vise fram ein kvit favoritt i Moseplassen sin x-faktor.

Ein duppsoleie. Så yndig og samtidig så virkningsfull :)