søndag 26. juli 2009

Sjå her!

Anbefaler å gå inn her og sjå. Konkurranse med flott premie!
http://lobeliahjem.blogspot.com/2009/07/konkurranse.html

Den deilige ferietiden fortsetter.

Nå har eg endelig fått vore på ein litt lenger ferie enn sist.
5 dagar på Sætre og ikkje ein dag med sommar....
Me gjorde svært lite der borte. Var kaldt i grunn og me satt masse inne.

Tok ikkje eit bilde og derfor ingen nye bilder i dette innlegget.

I morgon får eg besøk av søskenbarnet mitt. Ho skal være her nokre dagar.
Blir koselig!
Håpar på litt varme og sol ,så me kan grille litt.
Fekk relativt kjempemange sjøaurar av pappa i går og dei er gode på grillen.
Veit ikkje om Marit er så glad i det ,men pappa kan iallefall få.

Er usikker på om eg skreiv det sist,men den eine av endene blei tatt av udyr. Det var den eine av dei me trur va hu-and. Heitte FrøylAND ;)

Dei andre 4 klarer seg godt. Den ein har vel kanskje litt mindre bagasje enn dei andre ,men ho klarer seg godt for det.

Hagen er nede i ein litt vissen fase. Mykje er avblomstra og det ser rotete ut. Alt som er høgare enn 20 cm er slått til bakken av regnet. Får ta meg ei økt ein dag.

Lurer meg på om nokon egentlig les det eg skriv her. Skulle hatt meg ein teljar som viser kor mange som har vore innpå,men eg får det ikkje til
Men ,men. Eg skriv nå utan at nokon les og eg :)

lørdag 18. juli 2009

Endelig båttur.




Jenta kledd i mørklilla t-skjorta syns båttur med mat og sol er topp!


























Magnor tok oss med i cruisaren sin ut til Kattrævå (FOR et navn!!) i går og me var kjempeheldige med veret.





Det vart litt kort tid der ute syns eg,men heldigvis har eg blitt lova ein ny tur ein annan dag.





Den hellelagte plassen eg viste i sist innlegg vart ferdig 18.45 på lørdag.


19.00 fekk me gjester som skulle sitje der.


Heldigvis at han blei ferdig seier nå eg for ellers hadde han vel fortsatt mens me andre grilla.....





Det vart så behov for ein liten levegg bak plassen. Den vart ikkje akkurat som eg hadde settt føre meg,men bra likevel. Blir fint trur eg ,når klatreplantene veks litt til.





Faktisk viste det seg at å lage levegg var kjempekjekt for denne kjæresten min og nå er han i gang med levegg nr 2 pluss at han skal lage ein plass for bossdunken og komposten med denne type vegger.





Lurer meg på når han får dilla på å spa opp blomterbed og kjøpe masse fin stein til å ha rundt ? ; )











Dagen i dag har i store trekk gått med til å fjase.
Var i Vats og såg på Anette og Eirik som gjorde seg klar til bryllup.
Må sei det er herlig å sjå på andre som må stresse på kjæresten sin for at dei skal rekke det mens eg berre ser på. Kjenner meg sånn igjen i situasjonen samtidig som det minner meg på at det ikkje berre eg eg som har det slik.

Synd med plaskregnet då,for brudeparet. Det ausa ned akkurat når dei skulle ut av kykja.
Dei vert vel lykkelige for det :)

Etter me kom heim har eg rydda på plass klær. Når eg skal legge på plass er den einaste gongen eg sjøl syns eg har for mange klær. Litt av rotet kjem vel av at me ikkje har klesskap då.
Det ønsker eg meg!
Bjarte har jobba med levegg-prosjektet sitt.

fredag 10. juli 2009

Den store feriereisen....

Eg har endelig fått vore på Husnes.
Bjarte hadde mandagsruta der når han jobba på Ringnes så han var guide.

Var innom på eit kjøpesenter og handla litt mat og sånt.
I tillegg klarte eg lure Bjarte til å kjøpe nokre nye klær.
På det senteret møtte eg søskenbarnet til pappa,men ho kjende meg ikkje att så eg våga ikkje gi meg til kjenne.
Kikka litt rundt ellers i det stooore sentrumet ;)


Me hadde flott vèr og det har jo ein del å seie for meg når eg skal oppleve noko.
Etterpå dro me vidare til Rosendal,


Hadde ein liten matpause nede ved sjøen i

Herøysund







Idyllisk med båtar,badande feriefolk og sol.














Men så var det baroniet i Rosendal då.






Eg hadde sett føre meg nokre roser og det var det,men det var enorm park der.






Urtehage,drivhus,kafè,buskar,trær og bruer.
























Hadde ein omvising inne og. Følte oss litt teite for det var nesten berre folk i 50 åra og oss.

Men det var både interessant og spennande.





På veg heim kjørte me bak ein tysk bil. Den hadde reg.nr DAU- KU på campingvogna.
Eg vågar ikkje legge ut bilde av den,men dei gleda hvertfall oss. Hadde det mykje løye meg innholdet i den vogna....





Her heime i hagen har byrja Bjarte på nytt prosjekt.

Denne gong platting utføre drivhuset. Og når han begynner klarer han ikkje slutte av så då vart all gravejobben gjort i går,grus vart henta og heller skal leggast i dag.

Hu hei her får me det gjort!

fredag 3. juli 2009

Det deilige sommarveret forsetter.

Eg blei litt inspirert av Anita sida ho hadde lagt ut bilde av den første tomata.
Trur ikkje eg skal vise vår første for den er fortært for fleire dagar sidan. Men det er noken andre tomater som også snart er modne.













Ellers så begynner agurkene og å bli modne. Chilien er grønne,men sidan eg ikkje er storetar av chili er de like greit.






Dette er ei rose eg fekk av tanten min for to år siden. Den heiter Nuits de Young og er ei såkalla moserose. Blomstar for første gong i år. Nydelig farge,men mindre enn eg trudde.











Endene veks og trives i bassenget sitt. I denne varmen blir det fort gammalt vatn,så av den grunn kunne eg tenkt meg littegrann regn.
Men eg nyt nå varmen og sommaren eg,sjølv om det er ganske varmt her nå.
28 gr er ikkje kvardagsmat for ein vassen vestlendig.
Kven treng vel sydentur når det er så fint her?
Bjarte har vore i Vats og jobba dei siste dagane. Han kom tidleg heim i dag. Trur det vart for varmt. Nå kviler han i kjellaren. Svalt og godt der.
Eg gjorde forresten noko i går eg har drøymt om i fleire år.
Mamma og pappa bygger på og det er no tid for å opne fra de gamle loftet og ut i det nye. Og då må aller årgangar av sko og klær vekk. Me kasta og kasta. HERLIG!!!!
Etterpå dro eg med meg heim masse gamle leker og diverse. Rydda i det i dag.
Masse rart ein samlar på ja, ingen kan sei noko anna enn at eg har vore kreativ i kunsten min hvertfall.
Eg har spylt garasjen i dag til tross for vatningsforbud (hysj,hysj! ) vatna litt i drvhuset og ordna litt ute.
Vil egentlig bade ,men sidan badevennen min ligg til kjøling må eg vel venta litt til.
Eller kanskje eg skal setje på spredaren,men det var dette vatningforudet då ;))