fredag 10. juli 2009

Den store feriereisen....

Eg har endelig fått vore på Husnes.
Bjarte hadde mandagsruta der når han jobba på Ringnes så han var guide.

Var innom på eit kjøpesenter og handla litt mat og sånt.
I tillegg klarte eg lure Bjarte til å kjøpe nokre nye klær.
På det senteret møtte eg søskenbarnet til pappa,men ho kjende meg ikkje att så eg våga ikkje gi meg til kjenne.
Kikka litt rundt ellers i det stooore sentrumet ;)


Me hadde flott vèr og det har jo ein del å seie for meg når eg skal oppleve noko.
Etterpå dro me vidare til Rosendal,


Hadde ein liten matpause nede ved sjøen i

Herøysund







Idyllisk med båtar,badande feriefolk og sol.














Men så var det baroniet i Rosendal då.






Eg hadde sett føre meg nokre roser og det var det,men det var enorm park der.






Urtehage,drivhus,kafè,buskar,trær og bruer.
























Hadde ein omvising inne og. Følte oss litt teite for det var nesten berre folk i 50 åra og oss.

Men det var både interessant og spennande.





På veg heim kjørte me bak ein tysk bil. Den hadde reg.nr DAU- KU på campingvogna.
Eg vågar ikkje legge ut bilde av den,men dei gleda hvertfall oss. Hadde det mykje løye meg innholdet i den vogna....





Her heime i hagen har byrja Bjarte på nytt prosjekt.

Denne gong platting utføre drivhuset. Og når han begynner klarer han ikkje slutte av så då vart all gravejobben gjort i går,grus vart henta og heller skal leggast i dag.

Hu hei her får me det gjort!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar