fredag 8. januar 2010

Samleinnlegg med bilder til

Det er så lenge sidan eg har hatt innlegg at eg berre viser bilder og skriv litt til dei.




Julesnøen vår kom 19 desember og det snødde og snødde. Bjarte brøyta kvar dag. Ei rose stakk opp av snøen. Dei er nokon små kjemperar som held ut :)
Prinsesse Emma på nyttårsbesøk. Ho laga seg hytte bak ein stol og inviterte meg inn. Dessverre var det ikkje plass til heile meg....



Me hadde mange stjerneskudd og nokon snurrerakettar. Det er ganske usikkert om det var Emma eller pappaen hennas som syns dei rakettane var kjekkast.


Godt nyttår bloggvenner!



No om dagane er me inne i ein skikkelig kuldeperiode og det ligg på mellom 15 og 20 minusgrader heile tida. Me vestlendingar er jo ikkje vane med slikt vèr og klagar oss fælt.
Ovnar står på og me fyrer både her og der for at vassrøyr ikkje skal fryse att.
Desember gjekk i ein røyk med gåver og juleforbredelsar. Det vart liksom så travelt i år både på skulen og elles.
Frivekene gjekk også svært fort. Eg føler vel eg ikkje kan klage når me har så lang julefri som me har,men energien min er virkelig på bunn for tida. Eg beundrar dei som susar rundt og får gjort alt slags i ein fei :)
No håpar eg at eg er i bloggemodus igjen og kjem med nytt innlegg om ikkje så altfor lenge.


3 kommentarer:

  1. Emma syns iallfall at det var ei superkjekk nyttårsfeiring hjå bjarte og tilde og det syns resten av familien òg. Du har jo fått til eit skikkeleg stjerneskotbilete ser eg, det er meir enn eg klarte:-)

    SvarSlett
  2. endeligt var det eit koseligt innleg igjenn , he he , eg savne innlega te deg og merete når det er stillt men eg skjønner godt at det er rolige stunder på bloggane for eg hade aldri klart å fått tid te å følgt opp med blogg .
    godt nyttår -
    klem fra meg på tørresdal

    SvarSlett
  3. Va vanvittig kult d bilde me roså :) Tenk hadde eg hatt sånne i min hage.....

    SvarSlett

Skriv gjerne en koselig kommentar