onsdag 10. juni 2009

De små andebarna.

Nå er dei endelig kommet,andungane. Skal legge inn bilde litt seinare.
Det har visst vore noko feil med rugemaskinen ,så dei er kanskje ikkje levedyktige.
Men akkurat no er den 4 komme ut av egget og dei virkar livlige og kvikke til no. Me får sjå.

Eller lite hagenytt. Måtte vatne for nokre dagar sidan. Utrulig kor tørt det kan bli av vind altså.
Ser ut som det vert blomster på rosene i år og. Den eg har fått av tanten min er heilt overausa med små ,kvite enkle roser som lukter kjempegodt!
Synd det varer så kort tid. Kunne tenkt meg å ha den lukta i reserve og ta den fram ut på seinvinteren....

I går var eg på blåtur. Me enda på saloonen i Etne. Koselig!
Bussen holdt på å kræsje med ein trailer på veg inn då,men det gjekk heldigvis godt.
Og i kveld skal eg på kombinert Tupperware- og Casaparty. Har egentlig ikkje masse eg treng,men kjøper vel litt for det.

Må vel nytte denne fridagen min godt og kanskje få ned i jorda nokre av staudene som framleis står i balje etter den o`store plantehelga i pinsen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv gjerne en koselig kommentar