Her kommer små meir eller mindre smarte tankar om livet på Ersland. Litt hage,litt scrapping og sikkert masse om andre ting.
torsdag 28. juni 2012
Sommarferie
Nå er endeleg sommarferien starta i år også. Alltid noko å ta seg til. I går fekk me( ikkje eg då) sett) inn dører i utestova. No er den klar for seine kveldar og masse stearinlys:) Me treng visst dører for i år er det enormt med knott. Eg har no så mange stikk at eg ikkje kan telje så høgt trur eg. Kanskje det å ha hagedam blei reine myggklekkeriet.... I går var eg på bytur med tanten min. Ho er omtrent akkurat like glad i planter som meg. Me var på spanne og det blei ikkje billig. Og då var det kun ein del av senteret me var i. Rosene får vente til det blir littegrann billigare. Ikkje det at dei var så dyre, men skal ein ha mange blir det dyrt. Eg drista meg til å spørre om eg kunne få nokre av dei plantene dei hadde sat ved sida av ein kontainer. Det kunne eg! Nå håpar eg berre dei kjem seg, for dei såg litt slitne ut:) legg ved eit bilde av sankthans-bålet vårt. Eg testar ut blogging frå mobil og her var lite bilder. Sankthans blei feira i Vats i regn og vind og røyk frå bålet. Koselig blei det:) mamma og pappa var med i tillegg til magnor og Wenche. Eg er nok litt pyroman for når bålet blir tent blir eg heilt fengsla;) eller eg må pirke i. Trur det litt til slekta det der.
fredag 15. juni 2012
torsdag 14. juni 2012
Siljes blogg: GiveAway for Haugalendinger!
Siljes blogg: GiveAway for Haugalendinger!:
Nå kan de vere med og vinne flotte premiar ved å delta i denne give-awayen:)
Nå kan de vere med og vinne flotte premiar ved å delta i denne give-awayen:)
søndag 22. april 2012
lørdag 31. mars 2012
Det er giveaway hos Feien og fjong :)
Hilde i bloggen Feien og fjong feirer at ho har snart 200 følgerar. Gå inn her og delta du og! http://www.feienogfjong.no/2012/03/vinn-ein-ergorapido.html?showComment=1333182724343#c447119166915251963 . (nei, eg kan framleis ikkje lage fin lenke.... )
søndag 26. februar 2012
Vinterferien 2012.
| Soloppgang over Engene. |
Heime var snøen heilt vekke og ei lita tue med Erantis lyste opp. Eg måtte liksom berre luke litt rundt dei og.
Her er ei julerose frå besteforeldra til Bjarte, i byen. Den har blomstra lenge,men no viste dei så godt. Fulle av pågangsmot lurer dei seg opp igjennom snøen tidleg i februar.
Snøklokkene er ein god venn av meg. Dei fortel om vår og håp. Når me reiste for ei veke sidan hadde eg fått auge på ei lita tue og når me kom att var det mange. Dei er raske altså ;)
Dagen i dag er nytta til hageinspeksjon, vasking av frøbrett, hagedblad-lesing i drivhuset og plutselig saging av greiner på plommetrea. Godt å få det gjort. Eg veit at det kjem til å snø att og eg blir skuffa, men likevel har nå dagen vore ein forsmak på vår då. Prøvde å luke litt, men ddet var frossent i bakken. Ser det er masse gras i beda...igjen....
onsdag 15. februar 2012
Moseplassen sin x-faktor
Etter nokre dagar pause er eg på att. Dagen utfordring var svart , grønn eller fleirfarga.
Eg valgte meg då nokre akeleier som eg nok mest sannsynleg har fått frå Kvinesdal.Det har komme masse planter derfrå :) Flotte er dei der dei står og dansar i vinden. På bildet ser dei litt burgunder ut, men dei er meir svart i virkeligheten
Eg ser det har sneke seg ei lita, rosa linselus med også. Eg veit egentlig navnet på denne akeleien, men no står det litt stille oppi her.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

