fredag 26. februar 2010

Har gjort klart til å så.

Nå har eg gjort klart til å så noko av det som snart bør i jorda. Gler meg til å sjå når dei kjem opp. Eg er nok ein litt utålmodig gartner som helst vil ha store planter med ein gong. Tok meg sjøvl i å så noko i fjor sommar oppe i drivhuset,gå ein runde ned til garasjen og ordne noko der for så å gå opp i drivhuset og sjå om det hadde spirt *fniis* Eg VEIT at det ikkje går sååå fort altså....

Sånn vil me ha det nå....

lørdag 20. februar 2010



Hjemme alene...

I dag har Bjarte forlatt meg til fordel for ein eldre mann :) Dei skulle til Stavanger og gjere byen utrygg,men eg tenkjer nok han kjem heim att til kvelden når det blir pizza og smågodt så eg bekymrar meg ikkje så veldig.

Imellomtida skal eg kose meg heime aleine. Her skal ryddast,vaskast kler og i tillegg skal eg på besøk til farfar og ein tur til Aksdal. Skulle så gjerne ha laga eit kort også. Lurer på om eg berre skal droppe alt dette,kose meg og drikke kaffe mens eg les avisa.....

Ikkje lette valg dette her altså,hihi... Litt av kvar får det bli.

Det har vore lite scrapping i det siste,men eg er blitt lova eit kjempetreff i slutten av mars og det blir bra! Gler meg til å kunne sitje lenge uten å tenkje på arbeid dagen etter, folk som vil låse og slike ting. Det som står høgast på lista over ting å hugse til det treffet er å skrive ut bilder og ikkje minst hugse å ta med arka. Det klarte eg å gløyma sist.

Med tanke på hagen er eg ikkje heilt i rett modus ennå. I går var det to månader sidan snøen kom og eg kan telje på ei hand dei dagane det har vore over 0 grader. Eg vil ha VÅÅÅÅR!!!
På denne tida i fjor hadde eg sådd,luka litt og så og seie flytta inn i drivhuset for sesongen. Ikkje mykje som ser slik ut i dag.... Men snart er det mars og då tek nok sola bedre tak i snøen og dyttar den tilbake der den kjem i frå. ;)

Sist helg var det kinderegg-søndag,var i allfall det eg hørte det var. Morsdag,valentinsdag og fastelaven på ein gong. Eg fekk gave av Bjarte ,antagelig mest fordi eg hadde masa sånn om eit slikt fat. men fint var det uansett grunn. Så nå blir alt servert i etasjar hjå oss....

Nei,eg får vel byrje på "to-do-lista" mi då i plassen for å sitje her ved datan og fjase.

God helg til alle!!! Nokon som skal noko kjekt?


Fatet eg fekk av Bjarte med snop og
druer på.




lørdag 30. januar 2010

Signaturtest

Var det sånn eg hadde tenkt da?

onsdag 27. januar 2010

Kor er dei varme dagane?

I dag blir det eit sutreinnlegg. Så nå er de alle advart!


Eg er lei av at det er kaldt,vått og glatt,eg vil ha varmare dagar,energi og ingen bekymringar. Utopi kanskje ;)

Men for å sjå litt lyst på det,snart helg og på søndag scrapping hos Merete.


























søndag 24. januar 2010

Forresten,nokon med tålmodighet og pedagogiske evner som kan forklara koss eg bytte utseende på bloggen? Eg får det IKKJE til!

Bambi på isen.

Jada,Bambi det er meg det.
Me blei invitert til Aksdal for å gå på skøyter av tanten og onkelen til Bjarte. (takk! )
I hui og fast heiv me meg oss skøyter og vottar. Dermed gløymte me fotoapparat, mat og drikke.
Var ikkje der ute så lenge då, det kjennes i beina når ein ikkje går på skøyter meir enn kvart 5 år. Dessutan skulle dei andre til Vats på middag.
Anbefaler alle å ta seg ein tur ut dit altså,det var flott is og masse folk.

Sidan me ikkje hadde noko etande med og eg som kjent ,meiner det er alfa og omega for turar, så varma eg meg kakao og skillingsbolle når eg kom heim att. Det var herlig!
Ingen bilde i dag,men kanskje i morgon.
Eg har laga ein boks som eg skal gi vekk. Den er ikkje heilt ferdig,men om den blir bra så viser eg den kanskje.

Ønsker alle ein koselig søndag ettermiddag og anbefaler på det sterkaste kakao og bolle :)