tirsdag 28. september 2010

tomt...


No er kjøkkenet tomt. Iallefall for innredning,fliser og vatn.
Litt stusselig å ete i stova,men det er vel ein overgang.
Planen er å byrje med å slå opp plater på veggene på lørdag. Før det er det visstnok masse me må gjere. Det triste er at eg ser det visst ikkje :) Bjarte må minne meg på og påpeike heile tida. Eg kan vel ikkje noko for at eg ikkje er god på å bygge kjøkken vel!


Det eg skal gjere og som faktisk eg har kommet på heilt sjøl (og ville gjort for lenge sidan,men det var visst ikkje smart) det er å male takbjelken og vinduskarmane.
Me er litt usikre på døra. Den bør jo være kvit,vender ut mot 90-tallets furu i gangen og er alltid open.Dilemma for meg ,det passar ikkje med verken eine eller andre. Kanskje me kan male den grønn ;)

Me har funne ut kva golv me skal ha forresten.Det blei parkett og det blei ikkje så allerverst dyrt. To floger i ein smæsj.

fredag 24. september 2010

Kjøkken...2

Gårskveldens jobb.



Blei litt fort mørkt i går,så bildene kjem i dag. Nå er det igjen å skru av benkeplata,demontere skap som heng ufattelig laust(!) og dra av golvbelegg.

Legg merke til den søte tapeten. Må være noko av det søtaste eg har sett <3


Får sjå om eg ikkje kan få publisert neste innlegg av totalt tomt kjøkken.

Golvebelegget viste seg å vera ei nøtt :)



torsdag 23. september 2010

Kjøkkenet er ryddig.



...og tomt...


I går rydda eg alt av benken og la det ut på Finn.no Eg trur ikkje det gjekk to minutt frå det var lagt ut og til det var vekkbestilt. Hurra! Ein bekymring mindre.


Problemet er at når det blei så fint og ryddig så likte eg det gamle kjøkkenet bedre enn på lenge. Kanskje me berre skal ha det ?


Neida,berre tulla ;)


Bilder kjem her,men det var vel bilder av det nye dåkke ville sjå? Jaja,kjem dei og.










mandag 20. september 2010

Kjøkken del....1

Nå er alle skap minus dei to høgskapa skrudd saman. Kontoret er blitt oppbevaring, så det gjeld å slurpe inn magen om ein forvillar seg inn på vaskerommet. Nesten alle skapa på kjøkkenet er tømt.

DET NÆRMAR SEG :)))

Minuset er at det faktisk føles litt trist. Akkurat som me skal flytte...

torsdag 29. juli 2010

Heimelaga...

Eg gløymte jo jordbæra! Dei er enormt store og det gjer ikkje noko at det ikkje er så mange av dei. Akkurat nok til at ein kan grafse til seg eit i forbifarten.

Eller dandere dei i ei skål frå Green Gate og pynte med eplemynte på :)


Sommar,sol og dyreliv.

Lenge sidan sist no. Dagane flyr og det å blogge blir litt langt nede på lista.

Eg skal seinare vise fram årets hageprosjekt,men vil i dag vil eg berre klage min nød. Dyrelivet her på Ersland blir av og til berre for intenst for meg altså ;)


Ein ting er nå disse paddisane som sprett opp over alt i beda. Eg kan nesten garantere at eg ser ei KVAR gong eg lukar,planter eller på anna vis er i beda med nevane. Dei er jo ikkje farlige då,men likevel så ekle. Eg har derfor kjøpt meg ein grønn plastfrosk (ikkje så veldig vakker,mest artig) som eg plasserte midt i paddeveien. Tippar dei får seg eit lite karasjokk når dei ser den megafrosken,eg håpar då dei forstår hintet og ikkje bøllar meir med meg .


Det neste dyret er mygg(eigentleg knott då) Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong har reagert sånn på dei før. Og dei et nesten berre på meg og ikkje Bjarte,sjølv om me er på same plass.

Eg har for tida stikk over alt! Så om myggen er ekstra full av dritt i år eller om eg er blitt myggallergisk veit eg ikkje,men det er i allefall vanskelig å sove om natta pga kløen. *Stakkars meg*

Så er det det tredje dyret som er har hatt få møter med før,men to i dag. Det er stålorm,eller sleva som Bjarte kalle det. Eg syns sleva er så rart ord og kjem aldri på det. Det første ordet eg kjem på er SLURPA og det passar vel like godt :)

Uansett så traff eg på ein i dag,trudde først det var hoggorm for den var så brun. Men det viste seg når ekspertisen såg på han at det var altså stålorm. Eg tok litt pause frå å vera akkurat der. Full av pågangsmot fortsatte eg etter 10 minutt. Trur du ikkje at søskenbarnet hans kom då da?Då tok eg matpause.....

Det er dei 3 dyra som eg skulle ønske det var mindre av.

Men så er det dei hyggelige då. Foreksempel pinnsvinet som midt på dagen sprada over plassen her sånn at eg måtte stoppe bilen heilt og vente til han hadde gått inn i hortensiaen. Der låg han og trudde han var usynlig ei god stund før han gjekk under altane og styrte veldig med nokre tørre blader.

Og svalene som vekker oss med kvitring og noko som høyres ut som latter. Det kryr av svaler her. Vanlige folk irriterer seg over at dei bygger reir og skitnar til i garasjen,men me er visst ikkje heilt vanlige. ;)


fredag 16. juli 2010

Giveaway hjå Elisabeth

Det er eit år sidan denne dama starta ein blogg og no har ho Giveaway. Gå inn og sjå!

www.velkommentiloss.blogspot.com