lørdag 3. april 2010

Den deilige påsken er her.

Endelig kom påsken med fri og rolige dagar! Eg har vel så absolutt ikkje ein veldig hard jobb,men likevel er det alltid kjekt med litt fri.
Rundt om i blomsterbeda er det nokre krokus og snøklokker som kikkar opp. Deilig å endelig kunne ruske litt i molda att. Likevel måtte eg hjelpe på vårfølelsen med desse påskeliljene som står i ei stor urne ved døra. Dessverre er det nokon som er litt fine på det og vil gå kortast mulig. Derfor holdt desse blommane på å avgå her ein dag,men dei vart redda med millimetermargin ;)


Denne artige(!) litle krabaten her møtte me nede i kjellaren på Sætre.
Me kom trøtte fram på fredag etter som me kjørte rett fra jobb,Bjarte har slete litt med ei vondt skulder og den slo seg litt vrang på turen bort. I tillegg var golvet noko ufint pga vannlekkasje. Då me med kun ei lita lommelykt streva oss ned i kjellaren for å skru på hovedkrana sto denne fyren plutselig på ein stein og kikka på oss. I følge Bjarte hadde han eit ondt blikk.... Skal sei stemningen sto i taket!

Det er for dei intresserte ein salamander. Dei har visst overvintra i kjellaren kvar vinter sidan mamma var lita. Om sommaren bur dei i ein dam ca 80 meter frå huset. Dei gjer ikkje ei floge fortred(ok,kanskje floger då men...) likevel får eg sånn *dinosaur-som-vil-ete-meg-følelse*




På Sætre var det lite sol og mykje regn. Derfor godt å komme seg heim og møte Anette og Eirik att.
Me trossa diverse plager og la ut på den svææært strabasiøse turen til Långåsdalen i dag.
Eg følte meg nesten som Lars Monsen som for tida er på tv på tur med folk med funksjonshemmingar.... Utan samanligning forøvrig :)
I tillegg var Magnor og Wenche med oss. Elin kunne ikkje i dag,men neste påske er ho nok klar igjen.


Me fekk pølser,kokte kaffi på bål og møtte padder. Akkurat som påsketradisjonen er.

Når me var kommet nesten til bilen att møtte me ein særdeles fotogen skapning, Ekorneliussen. Han suste opp og ned av trærne og for meg såg det ut som han leita etter noko og hadde gløymt kor han hadde lagt det. Litt sånn som eg leitar etter hagesakser...
Var det her,...nei,det var vel der ja.... nei,ikkje der heller....




Resten av påsken er det i grunn ikkje meldt så fint ver. Eg har ambisjonar om å vaske drivhuset,dra opp buskar og slike ting. Me får sjå kva dagane bringer :)
God påske kjære blogg-smugleserar!



lørdag 13. mars 2010

Ny hagebloggar frå Danmark.


Fekk tips av Merete i dag om at denne mannen hadde starta blogg. Er er så frimodig at eg undrar meg bittelittegrann over at ho var oppdatert på hageblogging,men ok då. Ho les vel det som er å finne av iteriørbloggar og då dukkar det vel opp litt hage og :)

Så inn og les kva denne mannen skriv om! http://www.clausdalby.dk/

fredag 12. mars 2010

Dette er kva som møtte meg når eg kom heim frå jobb i dag. Ørnulf og hans bitre nabo sloss i lufta rett over vegen her.
Kva dei sloss om veit ikkje eg,men det var både fysisk og verbal kamp.
Sjølsagt var eg så forbløffa over kva eg såg at når eg endelig fekk tatt bilde hadde den bitre naboen gått heim og Ørnulf var høgare i lufta.
For dei som er kjende her kan eg sei at om eg hadde stått på plattingen Bjarte laga i fjellsida i fjor hadde eg vore på samme høgd som ørna. Den for over drivhuset mitt,men såg vel at tomatene ikkje var modne og fløy inn i lysningen mellom granene.
Flotte dyr også så store da!





Etter dyreopplevelsen solte eg meg litt og leste blad. Håpte jo kanskje den bitre ørnenaboen skulle dukke opp att ,men han var heime og var suuur :(

Me var ein tur i byen og handla litt på min kjæres favorittbutikk----ta ta ta tam--- Jula ! Lite innbringande for meg utanom eit par hagehanskar. Dei var rosa då og skikkelig billige så då tek eg meg godt ut mens eg klør og klør pga alt skvipet dei brukar når dei lagar billige hanskar (kvifor må ein bruke meir kjemikaliar i billige enn dyre hanskar mon tru?)
Får ta att handlinga i morgon for då skal
Merete og eg på shopping. Har skikkelige forventingar til denne dagen,skulle ikkje forundre meg ei halv bønne om eg ikkje finn noko eg har lyst på utan om nokre serviettar.....

Kjenner hageenergien kjem seg no når lyset kjem tilbake.
Det spira så fort i det eg sådde at dei blei litt stenglete før eg fekk flytta dei frå badet. Får sjå om eg sår nye eller berre satsar på dei kjem seg
(krympar att :) )





Posted by Picasa

fredag 5. mars 2010

Tregingen meg....

I sist innlegg sa eg at eg hadde gjort klar til å så og først i dag kom det i jorda. Ting tar tiiiid.

Har sådd tomater,agurk og div sommarblommar. Sidan eg av ein forunderleg årsak ikkje greier å begrense såinga så kan eg nok forsyne ytre Skjold med planter om ikkje så lenge. Hjernen min vil ikkje forstå at eit frø gir ei plante så eg slår til og hiv 5-6 frø i kvar potte.... Lagar meg priklearbeid OG plassproblem. Jaja.

Me har heldigvis fått ny forsyning av snø i går og i dag. Eg var ei stund redd den skulle forsvinne før 17 mai,men eg trur me er redda no ;) Eg har ei lita tue med snøklokkespirer som kikkar fram under altanen. Den kikkar eg på kvar gong eg går forbi. Det blir nok vår i år og...

Tidlegare har eg vel snakka om kor mykje skade rådyr( og hjort) har gjort i hagen og rundt husa. Men samstundes kjenner eg meir og meir på at det er synd på dei. Dei trekjer heilt inn til husveggen i håp om å finne mat og dei me ser er ganske magre. Eg er ikkje blitt heilt enig med meg sjølv om eg skal fore dei eller ikkje. Gav dei av alle ting nokre kavringar i dag så får me sjå om dei et dei eller om dei ringer på og ber om ost på. Ber dei om ost får dei ikkje meir, men om dei et dei tørre skal eg nesten sikkert gi dei høy i morgon :)

Eg tullar visst berre i dag. Får skrive meir ein dag eg er meir seriøs.

Håpar på fint fotovèr i morgon,har noko eg vil teste med kameraet.

God helg bloggleserar!

fredag 26. februar 2010

Har gjort klart til å så.

Nå har eg gjort klart til å så noko av det som snart bør i jorda. Gler meg til å sjå når dei kjem opp. Eg er nok ein litt utålmodig gartner som helst vil ha store planter med ein gong. Tok meg sjøvl i å så noko i fjor sommar oppe i drivhuset,gå ein runde ned til garasjen og ordne noko der for så å gå opp i drivhuset og sjå om det hadde spirt *fniis* Eg VEIT at det ikkje går sååå fort altså....

Sånn vil me ha det nå....

lørdag 20. februar 2010



Hjemme alene...

I dag har Bjarte forlatt meg til fordel for ein eldre mann :) Dei skulle til Stavanger og gjere byen utrygg,men eg tenkjer nok han kjem heim att til kvelden når det blir pizza og smågodt så eg bekymrar meg ikkje så veldig.

Imellomtida skal eg kose meg heime aleine. Her skal ryddast,vaskast kler og i tillegg skal eg på besøk til farfar og ein tur til Aksdal. Skulle så gjerne ha laga eit kort også. Lurer på om eg berre skal droppe alt dette,kose meg og drikke kaffe mens eg les avisa.....

Ikkje lette valg dette her altså,hihi... Litt av kvar får det bli.

Det har vore lite scrapping i det siste,men eg er blitt lova eit kjempetreff i slutten av mars og det blir bra! Gler meg til å kunne sitje lenge uten å tenkje på arbeid dagen etter, folk som vil låse og slike ting. Det som står høgast på lista over ting å hugse til det treffet er å skrive ut bilder og ikkje minst hugse å ta med arka. Det klarte eg å gløyma sist.

Med tanke på hagen er eg ikkje heilt i rett modus ennå. I går var det to månader sidan snøen kom og eg kan telje på ei hand dei dagane det har vore over 0 grader. Eg vil ha VÅÅÅÅR!!!
På denne tida i fjor hadde eg sådd,luka litt og så og seie flytta inn i drivhuset for sesongen. Ikkje mykje som ser slik ut i dag.... Men snart er det mars og då tek nok sola bedre tak i snøen og dyttar den tilbake der den kjem i frå. ;)

Sist helg var det kinderegg-søndag,var i allfall det eg hørte det var. Morsdag,valentinsdag og fastelaven på ein gong. Eg fekk gave av Bjarte ,antagelig mest fordi eg hadde masa sånn om eit slikt fat. men fint var det uansett grunn. Så nå blir alt servert i etasjar hjå oss....

Nei,eg får vel byrje på "to-do-lista" mi då i plassen for å sitje her ved datan og fjase.

God helg til alle!!! Nokon som skal noko kjekt?


Fatet eg fekk av Bjarte med snop og
druer på.